Eirik Halvorsen
Eirik Halvorsen (fødd 15. august 1975) er ein norsk tidlegare skihoppar som vann ein bronsemedalje under noregsmeisterskapen i 1996. Han representerte Konnerud Idrettslag.
Eirik Halvorsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. august 1975 (48 år) |
Idrett | skihopping |
Halvorsen debuterte i verdenscupen med 18. plass i Vikersund 18. februar 1995. Beste plasseringa i verdscupen var ein andreplass i normalbakken i Sapporo 20. januar 1996, då einast Jens Weissflog var betre. Samanlagt i verdscupen 1995/96 vart han nummer 16. Under den tysk-austerrikske hoppveka 1995/96 kom han samanlagt på tolvte plass. I verdsmeisterskapen i skiflyging 1996 i Bad Mitterndorf (Kulm) vart han nummer åtte.
Halvorsen kom på bronseplassen under noregsmeisterskapen 1996 i stor bakke i Meldal, berre overgått av noregsmeisteren Espen Bredesen og Stein Henrik Tuff. Same sesongen var han på Buskeruds lag som vart noregsmeistrar i laghopping i Stryn.
Kjelder endre
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff endre
- (en) Eirik Halvorsen – Profil og resultatoversikt hos FIS