Ekitykisjøen
Ekitykisjøen (russisk Ozero Ekityki) er ein innsjø i Tsjukotka aust i Sibir i Russland. Ekitykielva renn gjennom innsjøen.
Ekitykisjøen | |||
innsjø | |||
Område | Russland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Ekitykielva | ||
Utløp | Ekitykielva | ||
Lengd | 22 km | ||
Tilfrosen | det meste av året | ||
Koordinatar | 67°31′N 179°25′W / 67.517°N 179.417°W | ||
Ekitykisjøen 67°30′46″N 179°32′43″E / 67.512777777778°N 179.54527777778°E |
Ekitykisjøen er lang og smal med ei lengd på 22 km og ei breidde på 2 km i snitt. Som alle innsjøar i tundraen er han isdekt det meste av året.
Ekitykisjøen er den einaste staden i heile Eurasia der det finst dvergkvitfisk.[1]
Innsjøen og heile nedslagfeltet til Ekitykielva høyrer til Tsjukotka autonome okrug.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ekityki Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kart
- Turisme og miljø Arkivert 2010-09-01 ved Wayback Machine.
- Fotnotar