Eklund Islands
Eklund Islands er ei øygruppe som stig opp over isen nær sørvestenden av George VI Sound sør for Den antarktiske halvøya.
Eklund Islands | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 73°16′S 71°50′W / 73.267°S 71.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Eklund Islands 73°16′00″S 71°50′00″W / 73.266666666667°S 71.833333333333°W | |||
Den største øya, som er 5 nautiske mil lang med ei høgd på 410 moh, vart oppdaga i desember 1940 av Finn Rønne og Carl R. Eklund frå U.S. Antarctic Service under den 1750 km langs sledeturen sør for Stonington Island sørvest i George VI Sound og attende. Den store øya vart då namngjeven av Ronne etter Eklund, ornitolog og assisterande biolog i ekspedisjonen. V. E. Fuchs og R. J. Adie frå Falkland Islands Dependencies Survey var på sledetur sørvest i George VI Sound i 1949, og fordi isen hadde trekt seg attende i sundet klarte det var snakk om fleire hovudsakleg isdekte øyar. Namnet Eklund vart derfor av Advisory Committee on Antarctic Names nytta om heile gruppa.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Eklund øyar». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eklund Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).