Eksperimentell autoimmun encefalomyelitt

Eksperimentell autoimmun encefalomyelitt (EAE) er ein autoimmun sjukdom der T-seller og monocyttar går inn i sentralnervesystemet og det oppstår betennelse. Han er den vanlegaste modellsjukdomen for multippel sklerose.[1] Ulike former av eksperimentell autoimmun encefalomyelitt har ulike grader av føremoner og likskap med multippel sklerose. Ikkje alle former for EAE medfører demyelinisering.[2]

Dei fleste pattedyra, inkludert menneske, kan gjevast eksperimentell autoimmun encefalomyelitt.[2] Musa er den vanlegaste dyremodellen for EAE ved forsking på multippel sklerose, men rottemodellar har gjeve ein del kunnskap om sjukdomen.[1]

Tidleg i sjukdomen kan det sjå ut til at mikrogliaseller ikkje sjølve fjernar myelin frå aksona til nerveseller, men at denne rolla høyrer til makrofagar avleidde frå monocyttar.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Robinson, Andrew P.; Harp, Christopher T.; Noronha, Avertano; Miller, Stephen D. (2014). «The experimental autoimmune encephalomyelitis (EAE) model of MS». Multiple Sclerosis and Related Disorders. Handbook of Clinical Neurology 122. s. 173. ISBN 9780444520012. doi:10.1016/B978-0-444-52001-2.00008-X. 
  2. 2,0 2,1 Baker, David; Amor, Sandra (2014). «Experimental autoimmune encephalomyelitis is a good model of multiple sclerosis if used wisely». Multiple Sclerosis and Related Disorders 3 (5): 555. PMID 26265267. doi:10.1016/j.msard.2014.05.002. 
  3. Yamasaki, Ryo; Lu, Haiyan; Butovsky, Oleg; Ohno, Nobuhiko; et al. (2014). «Differential roles of microglia and monocytes in the inflamed central nervous system». The Journal of Experimental Medicine 211 (8): 1533–49. PMC 4113947. PMID 25002752. doi:10.1084/jem.20132477. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.