Ekstremvêret Geir
Geir var eit varsla ekstremvêr utstedt 21. juni 2013 for Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Varselet gjaldt lokalt ekstremt mykje nedbør i løpet av kvelden og natta.[1] Det vart ikkje meldt om skadar på grunn av regnvêret.[2]
Vêrsituasjonen
endreFuktige og ustabile luftmassar var på veg inn over Sør- og Austlandet. Nedbøren hadde byepreg og det var venta store variasjonar i nedbørsmengd frå stad til stad. Enkelte stader var venta å kunne få 50-90 mm i løpet av 12 timar.[1]
Verknad
endreBerre tre vêrstasjonar målte nedbør over 50 mm i løpet av episoden, og det var kanskje dermed ikkje berettiga å gje vêret status som ekstremvêr.[3]. Returperioden var 5-20 år på dei nedbørsmengdene som kom, men det kan ha kome meir nedbør andre stader enn der vêrstasjonane stod, sidan nedbøren kom i form av kraftige byer.[3]
Våtast vart det i Hemsedal som fekk 59,9 mm.
Nedbørmålingar
endreStasjon | Kommune | Fylke | Nedbør (mm) | Returperiode (år) | Rekord (mm) | Dato for rekord |
---|---|---|---|---|---|---|
Hemsedal | Hemsedal | Buskerud | 59,9 | 15 | 68,1 | 5. april 2001 |
Rjukan | Tinn | Telemark | 53,0 | 5 | 134 | 29. juni 1927 |
Uvdal kraftverk | Nore og Uvdal | Buskerud | 52,7 | - | - | - |
Tunhovd | Nore og Uvdal | Buskerud | 51,0 | 20 | 86 | 26. juni 1977 |
Venabu | Ringebu | Oppland | 50,4 | 20 | 52 | 4. juli 1982 |
Foldsæ | Fyresdal | Telemark | 49,0 | 5 | 83,9 | 5. september 1968 |
Atnsjøen | Stor-Elvdal | Hedmark | 48,9 | 10 | 65,6 | 15. august 2003 |
Skåbu | Nord-Fron | Oppland | 48,4 | 20 | 52,3 | 14. august 1994 |
Tveitsund | Nissedal | Telemark | 47,8 | 2 | 77,5 | 5. september 1968 |
Risør brannstasjon | Risør | Aust-Agder | 47,3 | 1 | 113,6 | 23. oktober 2002 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Ekstremværet GEIR glir over». Meteorologisk Institutt. 22. juni 2012. Henta 15. februar 2015.
- ↑ «Ekstremveret har gitt seg». NRK. 22. juni 2012. Henta 15. februar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 «Her regnet «Geir» mest fra seg». yr.no. 24. juni 2012. Henta 15. februar 2015.