Ekstremvêret Hilde
Hilde var eit varsla ekstremvêr utstedt fredag 15. november 2013 for laurdag kveld for Trøndelag og Helgeland. Varselet gjaldt sterk vind og høge bølgjer rett inn på kysten.[1]
Under ekstremvêret vart det sterk storm og kortvarig orkan på kysten av Trøndelag og Helgeland, og kraftige vindkast innover i landet. Signifikant bølgjehøgd vart målt til 12-14 meter laurdag kveld den 16. november 2013.[1]
Vêrsituasjonen
endreEit kraftig lågtrykk oppstod i Atlanteren sørvest for Island og utvikla seg til eit stormsenter medan det gjekk inn i sentrale område av Norskehavet i løpet av den 16. november. Lågtrykkssenteret gjekk så inn i sentrale delar av Nordland. Det var vinden på sør- og sørvestsida av lågtrykksenteret, den såkalla «giftige halen» som var kraftigast.
Lågtrykket vart såpass kraftig fordi det utvikla seg lenger aust enn det som er normal, og var på sitt sterkaste då det nådde norskekysten.[1] Som regel vil lågtrykka ha svekka seg noko før dei kjem så langt aust.
Verknad
endreUvêret vart meir eller mindre slik det vart varsla.[1] På kysten av Trøndelag og Helgeland bles det kortvarig orkan, og det vart målt vindkast opp i 40-50 m/s. Utanfor Trøndelag vart signifikant bølgjehøgd målt til nesten 14 meter.
Over 55 000 kundar fekk straumbrot som varte meir enn ein time, og for 64 kundar gjekk det kring 5 døgn før dei fekk straumen attende.[2] Forsikringsselskap fekk inn kring 1300 meldingar om skadar og naturskadeerstatninga vart estimert til å vere kring 120 millionar kroner.[1]
Vindmålingar
endreStasjon | Sterkast middelvind (m/s) | Sterkaste vindkast (m/s) |
---|---|---|
Nordøyan fyr | 39,5 | 51,0 |
Sklinna fyr | 35,5 | 44,9 |
Halten fyr | 30,0 | 38,7 |
Rørvik | 29,7 | 38,2 |
Buholmråsa fyr | 28,4 | 36,7 |
Sula | 26,3 | 35,2 |
Vega | 25,3 | 35,0 |
Ørland | 24,7 | 39,4 |
Sandnessjøen | 24,6 | 31,8 |
Solvær | 24,5 | 30,7 |
Namsos | 24,1 | 35,0 |
Værnes | 22,4 | 30,0 |
Varntresk | 22,1 | 34,6 |
Brønnøysund | 21,9 | 33,3 |
Hitra | 21,4 | 33,3 |
Reipå | 21,3 | 32,5 |
Sklinna fyr sette ny rekord for høgast middelvind på stasjonen, men har tidlegare hatt høgare vindkast. Vêrstasjonen mista derimot data på grunn av straumbrot i den kraftige vinden, og kan derfor ha hatt sterkare vind og vindkast enn det som vart målt.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Ekstremvêrrapport for Hilde» (PDF). Meteorologisk Institutt. 9. desember 2013. Henta 15. februar 2015.
- ↑ «Erfaringer fra ekstremværet Hilde, november 2013» (PDF). NVE. Februar 2014. Henta 15. februar 2015.