Ekte sypress

planteart i sypress-slekta
Ekte sypress
Ekte sypress
Ekte sypress
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ekte sypress
Utbreiinga av ekte sypress
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Sypresslekta Cupressus
Art: Ekte sypress C. sempervirens
Vitskapleg namn
Cupressus sempervirens

Ekte sypress eller middelhavssypress (Cupressus sempervirens) er eit høgt, slankt bartre av sypress-slekta i sypressfamilien. Den opphavlege varianten (Cupressus sempervirens var horizontalis) er frå Kreta, Egearhavet og kysten av Tyrkia.

Ekte sypress av fastigiata-varianten

Dei fleste variantar har kulturelt opphav i Midtausten, Tyrkia og Kypros, men sypress veks no også vilt i store bestandar i Italia, Frankrike, Spania og Nord-Afrika.

Treet vert inntil 35 meter høgt, og har konisk, høgreist kroneform. Treet kan verta 1 000 år gammalt, og dei halvcentimeter lange hannkonglane slepp frå seg pollen allereie i februar-mars. Dei 4 cm lange hokonglane er brune og runde med få, tillukka skjel.

Variantar med oppoverveksande greiner og ekstra slank form vert kalla festigiate (eller festigiata). Dette er populære park- og allétre òg i tempererte strøk som Sør-Afrika, Australia, USA, Canada, Storbritannia og sørlege Norden.

Nokre av dei vanlegaste variantane er:

  • * Cupressus sempervirens var. horizontalis (opphavleg, truga)
  • * Cupressus sempervirens var. sempervirens
  • * Cupressus sempervirens var. festigiata (oppreist, slank variant)
  • * Cupressus sempervirens var. stricta (oppreist, konisk variant)

Sypress er er mykje av eit landemerke for landskapet i middelhavsregionen, ikkje minst i Italia. Han er òg ein kulturplante som vart dyrka som allétre sidan Romarriket. Ei rekkje kunstmålarar har måla landskap med høgreiste og oppoverveksande sypressar under opphald i Italia og andre middelhavsland.

Galleri endre

Kjelder endre

Litteratur endre