Elafitiøyane er ei gruppe øyar i Adriahavet nordvest for Dubrovnik i Kroatia. Namnet har gresk opphav og tyder Hjortehalvøya (gresk elafos – hjort). Plinius den eldre var den første som nemnde øya i verket Naturalis Historia.

Elafitiøyane
Rudaøya sett frå øya Lopud.
Rudaøya sett frå øya Lopud.
Geografi
Stad Adriahavet

Store øyar Šipan, Lopud, Koločep
Areal mindre enn 30 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva

Demografi
Folketal I underkant av tusen

Elfatisøyane dekkjer mindre enn 30 kvadratkilometer og har eit totalt folketal i underkant av tusen menneske.

Tre hovudøyar:

  • Šipan – den største øya og mest folkesette øya.
  • Lopud – har eit stort hotell
  • Koločep – den største landsbyen er Donje Čelo

Andre mindre øyar:

  • Daksa – ligg føre Gruž, Dubrovnik si hamn.
  • Sv. Andrija – ei steinøy utan folk, men med eit fyr
  • Ruda -
  • Mišnjak
  • Jakljan
  • Kosmeč
  • Goleč
  • Crkvine
  • Tajan
  • Olipa – den vestlegaste av øyane

Dubrovnikøyane:

  • Lokrum – enkelte reknar denne øya som ein del av Elafitsøyane.