Opna hovudmenyen
Koločep
Geografi
Croatia - Elafit Islands - Kolocep.PNG
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°40′35″N 18°0′24″E
Øygruppe Elafitiøyane

Areal 2,3 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva

Demografi
Folketal 150

Koločep (italiensk Calamotta) er ei øy i Adriahavet, nær byen Dubrovnik i Kroatia, og ein av tre folkesette øyar i øygruppa Elafitiøyane. Ho er òg den sørlegaste folkesette øya i Kroatia.

Øya ligg om lag 1 km frå fastlandet, og om lag like langt frå halvøya Lapad. Hamna til Dubrovnik (Gruz) ligg innerst i bukta og på andre sida av Lapad, om lag 5 km frå Koločep. Frå Gruz går det ferjeavgongar til øya fleire gongar om dagen, ein tur som tar om lag 20 minutt med ferje eller 10 minutt med taxibåt.

Det er to busetnadar på øya som vert kalla Gornje Celo (italiensk Calamotta Levante) og Donje Celo (italiensk Calamotta Ponente) med til saman 150 innbyggjarar. Begge ligg i kvar si vik, om lag 3 km frå kvarandre. Koločep er bilfri, men det går mange småvegar og gangstiar over heile øya.

Koločep har meir enn 250 dagar med sol i løpet av eit år. Klimaet er typisk middelhavsklima, og sidan øya er så pass lita vert klimaet i stor grad styrt av Adriahavet. Havet styrer temperaturane, og held temperaturen over 10 °C om vinteren og under 27 °C om sommaren.

Det klåre vatnet rundt øya varierer frå djup blått til turkis. Langs kysten ligg det fleire gøymde viker, og frå ei av desse kan ein symje inn i Den blå grotta på sørsida av øya. Like utanfor kysten ligg eit rikt hummarområde, som er ein av spesialitetane til Koločep.

Plantelivet på øya består mellom anna av høge furu og olivenlundar.

HistorieEndra

Då Koločep var ein del av Republikken Dubrovnik var øya ein viktig skipsbyggingsstad. To sjømenn på Christopher Columbus sitt skip Santa Maria var frå Koločep. Arkeologiske utgravingar har funne spor som går tilbake til grekarane og romarane i antikken og fram til Napoleon si tid. Den vetle øya på berre 2,3 km² har sju førromanske kyrkjer som går heilt tilbake til tida då dei kroatiske kongane herska her, frå 800- til 1000-talet.

BakgrunnsstoffEndra