Eland Mountains er ei fjellkjede på austkysten av Palmer Land med høgder opp over 2440 moh. Ho strekkjer seg kring 20 nautiske mil frå nordaust til sørvest langs sørsida av Cliffordbreen. Fjella vart oppdaga i 1936 av British Graham Land Expedition og dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940. I 1947 vart dei fotograferte frå lufta av medlemmar av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), kartla dei frå bakken. Namnet Eland, fødenamnet til Lady Clifford, vart gjeve i 1952 av sir Miles Clifford, guvernør på Falklandsøyane, etter forslag frå medlemmar frå FIDS.[1]

Eland Mountains
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 70°35′S 63°10′W / 70.583°S 63.167°W / -70.583; -63.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Eland Mountains
70°35′00″S 63°10′00″W / 70.5833°S 63.1667°W / -70.5833; -63.1667
Eland Mountains is located in Antarktis
Eland Mountains (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Eland Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eland Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).