Eldgjá (isl. uttale eld-gjao) er ein vulkan og ein elvedal på Island. Eldgjá og dei nærliggande Laki-kratera er ein del av det same vulkansystemet som Katla sør i landet. Eldgjá tyder «eldgjel» på norsk.

Eldgjá
vulkan
Land  Island
Fjelltype Vulkansprekk
Koordinatar 64°14′05″N 18°24′11″W / 64.23472°N 18.40306°W / 64.23472; -18.40306
Kart
Eldgjá
63°58′00″N 18°36′33″W / 63.966666666667°N 18.609166666667°W / 63.966666666667; -18.609166666667
Wikimedia Commons: Eldgjá

Dalen ligg mellom Landmannalaugar og Kirkjubæjarklaustur, og på det djupaste er gjelet 270 meter djupt og 600 meter breitt. Han vart oppdaga av Þorvaldur Thoroddsen i 1893. Det første dokumenterte utbrotet i 934 var den største flaumbasalten i historisk tid. Det er estimert at 18 km³ med lava strøymde ut av jorda. [1] Arkivert 2007-06-29 ved Wayback Machine.

Det ligg ein flott foss kalla Ófærufoss i dalen. Ei naturleg bru over fossen forsvann i 1993 på grunn av smeltande is. Smeltevatnet førte til stor vassføring som vaska bort brua.

Sjå òg endre

Kjelde endre