Katla
- Sjå òg Katla (fleirtyding).
Katla er ein islandsk vulkan som er kjend som ein av dei farlegaste på øya. Han ligg nord for Vík í Mýrdal og aust for den vesle isbreen Eyjafjallajökull. Vulkantoppen er på 1 512 meter, medan breen Mýrdalsjökull som ligg over han har ein flatevidd på 595 km². Vulkankrateret har ein diameter på 10 km. Katla har vist teikn på uro den siste tida og geologar fryktar at eit utbrot er i vente i nær framtid.
Katla | |||
fjell | |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Subglasial vulkan | ||
Høgd | 1 512 moh. | ||
Siste utbrot | 1918 | ||
Koordinatar | 63°38′N 19°03′W / 63.633°N 19.050°W | ||
Katla 63°38′00″N 19°03′00″W / 63.633333333333°N 19.05°W | |||
Wikimedia Commons: Katla |
Vulkanen har utbrot med rundt 40 til 80 års mellomrom. Det siste utbrotet var i 1918[1], men det kan ha vore eit lite eitt i 1955[2], så vulkanen blir nøye vakta for teikn på eit nytt. Sidan 930 har ein dokumentert 16 utbrot. Eldgjá og Lakagigar er med i det same vulkanske systemet, slik at det kan reknast som eitt av dei kraftigaste i verda.
Før hringvegur (den islandske ringvegen) vart bygd frykta folk å reise over sletta føre vulkanen fordi det ofte oppstår jökulhlaup og det er djupe elvar som må kryssas. Særleg farleg var jökulhlaupen etter utbrotet i 1918. Då utbrotet i 1755 var på sitt verste vart flaumvassføringa estimert til mellom 200 000–400 000 m³/s.[treng kjelde] Til samanlikning er den samanlagte middelvassføringa til Amazonaselva, Mississippielva, Nilen og Chang Jiang om lag 290 000 m³/s.[treng kjelde]