Laki eller Lakagígar (Lakikratera) er ein vulkan sør på Island, ikkje langt frå gjelet Eldgjá og tettstaden Kirkjubæjarklaustur i Vatnajökull nasjonalpark.

Laki
vulkan
Land  Island
Vulkantype Vulkansprekk
Høgd 1 725 moh.
Siste utbrot 1783
Koordinatar 64°03′53″N 18°13′34″W / 64.06472°N 18.22611°W / 64.06472; -18.22611
Kart
Laki
64°03′53″N 18°13′34″W / 64.064722222222°N 18.226111111111°W / 64.064722222222; -18.226111111111
Wikimedia Commons: Laki (mountain)
Lakagígar
Laki

Laki er ein del av eit vulkansystem rundt Grímsvötnvulkanen og inkluderer Eldgjá og Katla, og ligg mellom isbreane Mýrdalsjökull og Vatnajökull, i eit område med vulkansprekker som går frå sørvest til nordaust.

I 934 produserte Lakisystemet eit svært stort vulkanutbrot, som sprøyta ut 19,6 km³ lava, eit av dei største vulkanutbrota i historisk tid.

I 1783-1784 hadde systemet eit nytt utbrot frå Lakisprekkane og den nærliggande Grímsvötnvulkanen og 15 km³ med basaltlava vart spydd ut i lag med ei giftsky av fluor/svoveldioksid som tok livet av over halvparten av buskapen på Island, som igjen førte svolt og at 21 % av folkesetnaden på Island mista livet.

1783-utbrotet og etterverknadene av dette førte til at over seks millionar menneske døydde globalt. Utbrotet er det verste i historisk tid. Temperaturen vart senka grunna av svoveldioksidgassar, og dette førte til feilslåtte avlingar i Europa, tørke i India og hungersnaud i Japan.[1]

1783-utbrotet endre

8. juni 1783, opna ein sprekk med 130 vulkankrater seg eksplosivt fordi grunnvatnet reagerte med den stigande basaltmagmaen. Etter kvart vart utbrota mindre eksplosive og dei endra karakter frå plinisk til strombolisk og seinare hawaiisk der mykje lava strøymde ut. Dette utbrotet vert rekna som eit VEI-6 utbrot på vulkaneksplosivitetsindeksen, men dei åtte månadane med utslepp av svovelhaldige aerosolar i atmosfæren er ein av dei viktigaste klimatiske og samfunnsmessige hendingane dei siste tusen åra.[2]

Utbrotet, som òg vert kalla Skaftáreldar («Skaftábrannane») eller Síðueldur, produserte om lag 15 km³ med basaltlava, og det totale volumet av tefra som vart kasta ut var 0,91 km³.[3] Lavafontener er estimert til å ha hatt ei høgd på 800–1400 m. I Storbritannia er sommaren 1783 kjend som «sandsommaren» på grunn av all oska som fall ned.[4] Gassane vart ført opp til ei høgd på om lag 15 km. Aerosolane som samla seg i stratosfæren skapte ein avkjølingseffekt på den nordlege halvkula.

Utbrotet varte fram til 7. februar 1784, men det meste av lavaen vart kasta ut dei første fem månadane. Grímsvötnvulkanen, der Lakisprekkene enda, hadde òg utbrot frå 1783 til 1785. Gassane som vart spydde ut, inkludert 8 millionar tonn fluor og 120 millionar tonn svoveldioksid, var opphav til det som vart kalla «Lakidisen» over Europa.

Konsekvensar på Island endre

Konsekvensane for Island var katastrofale. Rundt 21 % av folkesetnaden[5] døydde av svolt i 1783-1784 etter at sprekkutbrota gav seg. Rundt 80 % av sauene, 50 % av kyrne og 50 % av hestane døydde som følgje av fluorforgifting.[4][6]

Soknepresten Jón Steingrímsson vart kjend for eldmessa si. Heile samfunnet i bygda Kirkjubæjarklaustur var i kyrkja. Samstundes stod bygda i fare for å verte råka av ein lavastraum, men folket var i kyrkja og lavaen stoppa ikkje langt frå bygda.

«Den siste veka og dei to føre det har meir gift falle frå himmelen enn ord kan skildre: Oske, vulkanske hår, regn av svovel og salpeter, alt blanda med sand. Mulane, nasene og føtene til buskapen på beitet har vorte lysande gule og rå. Alt vatnet er vorte lunka og lyseblått og grusras vart gråfarga. Alle plantene på bakken er brende, visna og vortne grå, ei etter ei, ettersom brannen auka og nærma seg busetjingane.»[7]

Konsekvensar i Europa endre

Det er estimert at 122 millionar tonn med svoveldioksid vart spydd ut i atmosfæren, om lag tre gongar så mykje som industrien i Europa spyr ut kvart år, og like mykje som Pinatubo sitt utbrot i 1991 gjorde på tre dagar.[4] Dette gav uvanlege vêrforhold og danna ein tjukk sovelhaldig dis over Vest-Europa, som førte til mange dødsfall i 1783 og vinteren 1784.

Sommaren 1783 var den varmaste som er registrert og sjeldne trykksystem over Island fekk vinden til å blese søraustover. Den giftige skya dreiv til Bergen i Noreg, så til Praha i Böhmen den 17. juni, Berlin den 18. juni, Paris den 20. juni, Le Havre 22. juni, og til Storbritannia 23. juni. Tåka var så tjukk at båtar heldt seg i hamn og sola vart skildra som «blodfarga».[4]

Svovelgassen kvelte offera sidan han fekk lungene til å utvide seg. Den lokale dødsprosenten i Chartres i Frankrike hadde i august og september 1783 ein auke på 5 % med over 40 døde. I Storbritannia viser arkiv at dødsprosenten auka hos arbeidarar som oppheldt seg mykje utandørs, og ein dødsprosent på kanskje 2–3 gonger høgare enn normalt i Bedfordshire, Lincolnshire og på austkysten. Overslag tyder på at rundt 23 000 britar døydde som følgje av forgifting i august og september.

Giftskya førte òg til oppvarming og kraftige torevêr med haglbyer som skal ha teke livet av mykje storfe fram til ho forsvann på hausten. Dette meteorologiske avviket førte til ein ekstrem vinter i 1784. Gilbert White skreiv at Selborne i Hampshire hadde 28 dagar på rad med frost. Ein meiner at den ekstreme vinteren tok livet av rundt 8 000 menneske berre i Storbritannia. Då våren kom opplevde Tyskland og andre sentrale delar av Europa alvorleg flaum som førte til stor skade.[4]

Dei meteorologiske etterverknadane frå Lakiutbrotet medverka til fleire år med ekstreme vêrforhold i Europa. Frankrike opplevde ei rekke ekstreme vêrforhold over tid slik som alt for store avlingar som førte til fattigdom på landsbygda, etterfølgt av tørke, dårlege vintrar og somrar, inkludert ei kraftig haglbye i 1788 som øydela store avlingar. Alt dette førte til ein auke i fattigdom og hungersnaud som medverka til å utløyse den franske revolusjonen i 1789. Laki var berre ein av faktorane i ein tiårsperiode med klimatiske avvik, ettersom Grímsvötnutbrotet varte frå 1783 til 1785 og ein studie i nyare tid av El Niño òg har tydd på at det var ein uvanleg kraftig El-Niño-effekt i perioden 178993.[8]

Konsekvensar i Nord-Amerika endre

I Nord-Amerika var vinteren 1784 den lengste og kaldaste som nokon gong er målt. Det vart registrert den lengste perioden med kuldegrader i New England, den største snømengda i New Jersey og den lengste perioden Chesapeake Bay var frose til. Det var òg mogeleg å gå på skeiser i Charleston Harbor. Ein kraftig snøstorm råka sørlege delar av dagens USA, Mississippielva fraus i New Orleans, og det var is enkelte stader i Mexicogolfen.[9][10]

Andre konsekvensar endre

Lakiutbotet påverka òg klimaet utanfor Europa, med svekka monsunsirkulasjon i Afrika og India, noko som medførte reduksjon i nedbørsmengda på -1 til -3 mm per dag over Sahel i Afrika, og mellom anna førte til lågare vasstand i Nilen.[11]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. http://www.history.com/shows/how-the-earth-was-made/videos#how-the-earth-was-made-iceland
  2. Brayshay and Grattan, 1999; Demarée and Ogilvie, 2001
  3. Smithsonian Institution Global Volcanism Program: Grímsvötn
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 BBC Timewatch: "Killer Cloud", sendt 19. januar 2007
  5. Gunnar Karlsson (2000), Iceland's 1100 Years, s. 181
  6. http://www.sciencemag.org/cgi/content/summary/306/5700/1278
  7. Rev. Jón Steingrímsson, Fires of the Earth, The Laki Eruption (1783-1784) ISBN 9979-54-244-6.
  8. Richard H. Grove, “Global Impact of the 1789–93 El Niño,” Nature 393 (1998), s. 318-319.
  9. Wood, C.A., 1992. "The climatic effects of the 1783 Laki eruption" i C. R. Harrington (Ed.), The Year Without a Summer? Canadian Museum of Nature, Ottawa, s. 58– 77.
  10. Steve Lonker. «Laki» (på engelsk). Henta 25. august 2007. 
  11. Luke Oman, Alan Robock, Georgiy L. Stenchikov, og Thorvaldur Thordarson, "High-latitude eruptions cast shadow over the African monsoon and the flow of the Nile" i Geophysical Research Letters, Vol. 33, L18711, 2006, doi:10.1029/2006GL027665.

Litteratur endre

  • Brayshay, M and Grattan, J. - «Environmental and social responses in Europe to the 1783 eruption of the Laki fissure volcano in Iceland: a consideration of contemporary documentary evidence» in Firth, C. R. and McGuire, W. J. (eds) Volcanoes in the Quaternary. Geological Society, London, Special Publication 161, 173-187, 1999
  • Grattan, J., Brayshay, M. and Sadler, J. - «Modelling the distal impacts of past volcanic gas emissions: Evidence of Europe-wide environmental impacts from gases emitted during the eruption of Italian and Icelandic volcanoes in 1783» in Quaternaire, 9, 25-35. 1998.
  • Grattan, D., Schütenhelm, R. and Brayshay, M. - «Volcanic gases, environmental crises and social response» in Grattan, J. and Torrence, R. (eds) Natural Disasters and Cultural Change, Routledge, London 87-106. 2002.
  • Grattan, J.P. and Brayshay, M.B. - «An Amazing and Portentous summer: Environmental and social responses in Britain to the 1783 eruption of an Iceland Volcano» in The Geographical Journal 161(2), 125-134. 1995.
  • Richard B. Stothers - «The great dry fog of 1783 Arkivert 2012-07-13 ved Archive.is» in Climatic Change, 32, 79–89, 1996.
  • Thorvaldur Thordarson and Stephen Self - «Atmospheric and environmental effects of the 1783–1784 Laki eruption; a review and reassessment» in J. Geophys. Res., 108, D1, 4011, doi:10.1029/2001JD002042, 2003.

Bakgrunnsstoff endre