Opna hovudmenyen
Electronic Meditation
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1970
Innspelt Oktober 1969
Sjanger Eksperimentell musikk
Krautrock
Lengd 36:37
Selskap Ohr
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi
Electronic Meditation Alpha Centauri
(1971)


Electronic Meditation er debutalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Pitchfork Media(7.6/10)[2]

Innhaldsliste

Innspeling og historieEndra

Albumet vart spelt inn i eit fabrikklokale dei leigde i Berlin i oktober 1969 med hjelp av ein tospors lydbandopptakar frå Revox.[3] Stilen på albumet var ei unik form for frijazz, elektronisk kunstmusikk og instrumental rock; eller som magasinet Sound on Sound skildra det, «fri elektronisk rock».[3] Instrumenta dei nytta varierte frå vanlege instrument som gitar, orgel, trommer og cello, til sjølvbygde elektroniske apparat av Edgar Froese og «funne lydar» som knust glas, brennande papir og tørre erter i ei sil. Baklengsvokalen på slutten av side to er Edgar Froese som les på baksida av ein ferjebillett frå Dover til Calais. Med den originale plata på vinyl følgde det med ein ballong i coveret. Dette fekk ein òg med den japanske CD-utgåva frå 2004.[4]

Electronic Meditation er det einaste Tangerine Dream-albumet med besetninga Edgar Froese, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler.[4]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Klaus Schulze, Conrad Schnitzler

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Genesis»   5:57
2. «Journey Through a Burning Brain»   12:26
Side to
# Tittel Lengd
3. «Cold Smoke»   10:38
4. «Ashes to Ashes»   4:06
5. «Resurrection»   3:27

MedverkandeEndra

KjelderEndra