Elefantfuglar

Elefantfuglar
Aepyornis.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Palaeognathae
Orden: Aepyornithiformes
Familie: Elefantfuglar Aepyornithidae
Bonaparte, 1853

Elefantfuglar eller madagaskarstrutsar er ein utdøydd fugleorden. Desse var kjempestore løpefuglar som levde på Madagaskar, men døydde ut for ca. 1000 år sidan.[1] Dei vert rekna til dei ikkje-flygedyktige (ratite) fuglane, saman med mellom andre struts og moafuglar. Ein studie frå 2018 av fossile restar viser at det har vore tre forskjellige slekter av elefantfuglar, med fire artar. Tidlegare var arten elefantfugl, Aepyornis maximus, rekna som den største med kring tre meters høgde, studien gjev framlegg om ein annan art, Vorombe titan som den største.[2] Det største kjende egget frå ein madagarskarstruts hadde eit volum på kring ni liter.

OversynEndra

Elefantfuglane er kjende fra fossile og subfossile bein- og eggfunn frå Madagaskar utanfor austkysten av Afrika. Viktige funnområde strekker seg langs sør- og sørvestkysten eller ligg i det sentrale høglandet og på nordspissen av øya.

Utsjånaden til elefantfuglane likna ytre sett på dagens strutsar. Dei hadde lange bakbein, like lang hals og eit lite hovud. Nokre representantar var likevel monaleg større enn strutsane og representerer dei største kjende fuglane. Det er berre lite forska på levemåten til elefantfuglane. Moglegvis levde dei i tette skogar og livnærte seg på ganske mjuk plantemat. I motsetnad til strutsane var dei sannsynlegvis ikkje tilpassa snøgg løping, noko som også går fram av proporsjonane på bakbeina. I tillegg syner analysar av hjernestrukturen at dyra stort sett var nattaktive, hadde dårleg syn og luktesansen dominerte.

I følgje genetiske studiar går opphavet til elefantfuglar tilbake til paleogen, men ingen fossil frå denne perioden er dokumenterte. Dei eldste kjende funna stammar frå sein pleistocen, dei yngste frå 1100- til 1200-talet. Forsvinninga av dei store fuglane er mest sannsynleg knytt til menneskeleg busetjing på Madagaskar. Nøyaktig når dei døde ut er uklart. Nokre legender om Roch-fuglen, som dei som Marco Polo formidla i reiserapportane hans, er assosiert med elefantfuglane. Fossile restar vart ikkje dokumenterte før i første halvleiken av 1800-talet. Dei førte til den første skildringa av slekta Aepyornis i 1851 og familien Aepyornithidae to år seinare.

SystematikkEndra

 Palaeognathae 





 Apterygiformes (Kiwiar)



 Aepyornithiformes (Elefantenfuglar) (†)




 Casuariiformes (Emuar og kasuarar)





 Tinamiformes (Tinamuar)



 Dinornithiformes (Moafuglar) (†)





 Rheiformes (Nanduar)




 Struthioniformes (Strutsar)



Indre systematikk av Palaeognathae, den minste av to overordenar av moderne fuglar.[3]

Elefantfuglar er ein biologisk familie på fire utdøydde artar i tre slekter:[note 1]

  • Orden: Aepyornithiformes Newton, 1884
  • Familie: Aepyornithidae Bonaparte, 1853
  • Slekt: Aepyornis I. Geoffroy Saint-Hilaire, 1851
  • Aepyornis hildebrandti Burckhardt, 1893
ca. 280 kg
  • Elefantfugl, Aepyornis maximus I. Geoffroy Saint-Hilaire, 1851
estimert vekt ca. 400 kg, opptil 2,7 meter høg
  • Slekt: Mullerornis Milne-Edwards & Grandidier, 1894
  • Mullerornis modestus (Milne-Edwards & Grandidier, 1869)
den minste elefantfuglarten, ca. 100 kg
  • Slekt: Vorombe Hansford & Turvey, 2018
verdas største kjende fugl, opptil tre meter høg, gjennomsnittleg ca. 640 kg, egg på ca. 9 liter, også det er verdas største

KjelderEndra

  1. Briggs, Helen (13. september 2018). «Elephant birds: Who killed the largest birds that ever lived?». www.bbc.com. BBC. Henta 21. mai 2022. 
  2. Hansford, J. P. & Turvey, S. T. 2018. Unexpected diversity within the extinct elephant birds (Aves: aepyornitidae) and a new identity for the world's largest bird. Royal Society open science 5: 181295. http://dx.doi.org/10.1098/rsos.181295
  3. Adam Dawid Urantówka, Aleksandra Kroczak und Paweł Mackiewicz: New view on the organization and evolution of Palaeognathae mitogenomes poses the question on the ancestral gene rearrangement in Aves. BMC Genomics 21, 2020, S. 874, doi:10.1186/s12864-020-07284-5
Notar
  1. Inndelinga er etter den siterte artikkelen frå Store norske leksikon. Han refererer til artikkelen av Hansford, J. P. & Turvey, S. T. 2018. Artsnamnet «kjempelefantfugl» for Vorombe titan er frå snl-artikkelen Vorombe. Namnet «elefantfugl» for Aepyornis maximus er etablert i Norske namn på verdens fugler, https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/