Elektronisk Forpost Noreg

Elektronisk Forpost Noreg (bokmål Elektronisk Forpost Norge, nordsamisk Elektovnnaláš Ovdasjuovku Norgga)[1], EFN er ein elektronisk rettsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i IT-samfunnet. EFN kan sjåast på som eit norsk motstykke av den amerikanske Electronic Frontier Foundation (EFF).

Elektronisk Forpost Norge

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer985090394
Skipa1995
HovudkontorOslo
LeiarThomas Gramstad
Nettstadhttps://efn.no/

Samskipnaden vart starta av Micha Reisel i 1994 som eit forum (e-postliste), og leiast i dag av Thomas Gramstad. EFN arbeider for å setja fokus på blant annan digital allemannsrett, opne standardar, opphavsrett, personvern, teknisk allmennkunne og datatryggleik. Ei viktig retning blant medlemmane er Creative Commons, rørsla som søkjer å forbetra og vidareutvikla innhald, åndsverk, programvare og internett gjennom fri deling av kunnskap, kjeldekode og opna rettar.

Thomas Gramstad, leiar i EFN
Foto: Gisle Hannemyr

Frå 2007 er EFN medlem av European Digital Rights (EDRi), som blant anna arbeid med spørsmål om personvern og digital allemannsrett overfor EU.

EFN har òg eigne til ungdoms- og studentforum, og sender eigne lag til The Gathering og Wiki-arrangement.

Det er per mars 2008 ca. 950 abonnentar av epostlista, der ca. 900 er medlemmar av EFN.[2]

Kjelder

endre
  1. Enonic, «EFNs vedtekter», EFN (på norsk), henta 7. mars 2023 
  2. «Om EFN». Henta 2. august 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre