Neu! (ofte skrive NEU!, tyder «Ny!» på tysk) var eit tysk band skipa av Klaus Dinger og Michael Rother etter at dei slutta i Kraftwerk tidleg i 1970-åra. Sjølv om bandet hadde minimal komersiell suksess medan dei eksisterte, har det i ettertid vorte rekna som ein av grunnleggjarane av krautrock og ei viktig inspirasjonskjelde på artistar som David Bowie, Brian Eno, Iggy Pop, PiL, Joy Division, Gary Numan, Porcupine Tree, Ultravox, Simple Minds, Negativland, Stereolab, Boredoms, Radiohead, The Horrors, Electrelane og mykje av miljøa som i dag spelar elektronisk musikk.

Neu!
OpphavDüsseldorf i Tyskland[1]
Aktiv1971–1975
1985–1986
SjangerKrautrock
Eksperimentell
Tilknytte artistarKraftwerk
La Düsseldorf
La! Neu?
Harmonia
Die Engel des Herrn
Conny Plank
PlateselskapBrain Records
MedlemmerKlaus Dinger
Michael Rother
Eberhard Kranemann
Uli Trepte
Thomas Dinger
Hans Lampe
Konrad Mathieu
Georg Sessenhausen

Historie endre

(1971–1975) Hovudkarriere endre

Neu! vart starta i 1971 i Düsseldorf som ein utspringar frå ei tidleg besetning av eit anna viktig krautrock-band, Kraftwerk. Både dei tidlege platene til Kraftwerk og Neu! vart produserte av Conny Plank.[1]

Trommeslagaren Klaus Dinger hadde vorte med i Kraftwerk midtvegs i innspelinga av debutalbumet deira. Gitaristen Michael Rother vart så henta inn for å gjere albumet ferdig.[1] Rother hadde tidlegare spelt i eit lokalt band kalla The Spirits of Sound der òg trommeslagaren Wolfgang Flür hadde spelt. Han skulle seinare bli med i Kraftwerk.

Ralf Hütter slutta i bandet i denne perioden og i seks månader bestod Kraftwerk av ein trio med Rother, Dinger og Florian Schneider. Denne besetninga spelte sporadiske konsertar og gjorde ei TV-framferd i det tyske fjernsynsprogrammet Beat Club. Eit forsøk på å spele inn musikk i studioet til Conny Plank vart mislukka og Dinger og Rother slutta i bandet og starta eit nytt prosjekt med Plank: Neu! (Schneider slo seg igjen saman med Hütter og i to spelte dei inndet andre Kraftwerk-albumet med Plank.)

Det første albumet deira selde lite (sjølv om 30 000 er mykje for eit «undergrunnsband»), men vert i dag likevel rekna for eit meisterverk av mange, inkludert artistar som David Bowie, Brian Eno, Iggy Pop og Thom Yorke frå Radiohead. Dei nytta mellom anna signaturrytmen deira, Motorik, på songar som «Hallogallo» and «Negativland» (bandet Negativland tok namnet sitt frå denne songen) og bisarre «songar» som «Sonderangebot».

Det andre albumet deira, Neu! 2, består av nokre av dei tidlegaste døma på remixing. Bandet valde å kjøpe nye instrument for denne innspelinga. Med pengane som var att etter forskotet frå plateselskapet, kunne dei berre spele inn halvparten av songane dei måtte ha for å fylle eit heilt album. Selskapet ønskte ikkje å gje dei meir pengar, sidan det første albumet selde dårleg og selskapet ikkje ønskte å kaste bort fleire pengar på det dei rekna med kom til å bli ein ny flopp. For å fylle opp albumet fylte bandet side to av plata med manipulerte versjonar av singelen deira «Neuschnee»/«Super», og spelte desse to songane med forskjellig snøggleik og stundom krølla dei lydbandet eller plasserte plata utanfor midten av ein platespelar. Songen «Super 16», vart uforvarande kjenningsmelodien til kampsport-klassikaren Master of the Flying Guillotine av Jimmy Wang Yu frå 1976. Denne filmen vart sidan referert til av Quentin Tarantino i Kill Bill (Volume 1) som òg nytta «Super 16».

Dinger og Rother var begge særs forskjellige når dei vart overlatne til seg sjølv, og dette førte til det siste albumet deira i 1970-åra, Neu! '75. Side ein bestod av dei meir ambiente produksjonane til Rother, som minna om det første albumet deira. Side to (særleg songen «Hero») vart av mange rekna som ei viktig inspirasjonskjelde for det britiske punkrockmiljøet med Dinger sin hånlege og uforståelege vokal over ein forvrengd Motorik-rytme med aggressive gitarakkordar.

For å spele inn albumet (og for å kunne framføre det live) vart Hans Lampe og broren Thomas Dinger hyrt inn for å framføre musikken. Då det kom ut, og framleis i dag, er Neu! '75 det mest varierte albumet som kom frå krautrock-miljøet. Dei musikalsk forskjellige retningane, i tillegg til personlege skilnader, isolerte Dinger og Rother som duett og Neu! vart oppløyst kort tid etter Neu! '75.

Neu vert hylla i Julian Cope-boka Krautrocksampler, i lag med andre Krautrock-artistar som Kraftwerk og Can, og Cope har òg skrive ein song kalla «Michael Rother» som vart gjeve ut som bonusspor på albumet Jehovahkill.

(1975–1984) Inaktiv periode endre

I 1974 hadde Rother alt starta eit samarbeid med den tyske electronica-duetten Cluster i eit band dei kalla Harmonia på albumet Musik Von Harmonia. I 1975 spelte dei inn eit andre Harmonia-album, Deluxe, og seinare arbeidde dei med Brian Eno, men dette samarbeidet vart først gjeve ut i 1997 som Tracks and Traces. I 1977 starta Rother å spele inn musikk som soloartist. Dei første tre albuma hans, Flammende Herzen (1977), Sterntaler (1978) og Katzenmusik (1979) vart alle spelte inn med Neu!-produsenten Conny Plank.

Klaus Dinger, broren Thomas Dinger og Hans Lampe starta bandet La Düsseldorf, som av David Bowie vart omtalt som «soundtrack for 1980-åra».[2] Bandet gav ut tre album: La Düsseldorf (1976), «Viva» (1978) og «Individuellos» (1981).

(1985–1986) Kort comeback endre

Mellom oktober 1985 og april 1986 prøvde Dinger og Rother å spele saman att som Neu!. Dei nytta meir synthesizerar enn før og skreiv noko meir kommersielle songar. Bandet høyrtes ut som ei blanding av det gamle bandet og nyare new wave-grupper. Dei vart igjen driven frå kvarandre av personlege og musikalske skilnader.

Eit døme på den skarpe kontrasten mellom Dinger og Rother var tydeleg på songar som «Crazy», Rother sitt forsøk på pop, og «'86 Commercial Trash», ein collage av Dinger med dialogar og lydeffektar frå tyske fjernsynsreklamar det året. Innspelingane kom ut seint i 1995 som Neu! 4.

Conny Plank døydde i 1987.

(1987–2000) Bitre forhold endre

Dinger og Rother arbeidde ikkje i lag i 1990-åra, og det var ein viss grad av bitterheit mellom dei, ikkje minst fordi Dinger gav ut nokre gamle Neu!-inspelingar på det japanske Captain Trip Records utan at Rother hadde godkjend det. Seint i 1995 gav dette selskapet ut Neu! 4 baser tpå innspelingane frå 1985–1986. Dei gav òg ut Neu! '72 Live in Dusseldorf (spelt inn 6. mai 1972), som vart rekna som det svakaste albumet deira.

Eit hyllestalbum i 1999, kalla A Homage to Neu! (Cleopatra Records), inneheld versjonar frå artistar som Legendary Pink Dots, Download, Autechre, Dead Voices on Air, Khan, System 7 og James Plotkin, i tillegg til ein original song frå Rother kalla «Neutronics 98 (A Tribute to Conny Plank)».

(2001–2008) Nye CD-utgåver endre

Rettane til Neu!-katalogen er eigd av Rother, selskapet til Dinger og enka til Plank, Christa Fast. I mange år gjorde striden mellom Rother og Dinger at dei ikkje vart samde om lisensane for å gje ut musikken til Neu! på CD. I tida som gjekk kom det ut piratkopiar på CD (henta frå gamle vinylplater). Situasjonen løyste seg til slutt i 2001, då Rother og Dinger gjekk i studio i lag for å overføre dei tre Neu!-albuma til CD frå dei originale lydbanda. Desse remastrane vart produsert og gjeven ut av Grönland Records (med lisens til Astralwerks i USA). Etter dei tre albuma kom ut forhandla Dinger og Rother med kvarandre for å kunne gje ut Neu 4!

Neu! spelte ikkje inn noko anna etter Neu! 4. Rother har sagt at han og Dinger har teknt på å lage eit femte album, men ideen vart skrinlagd på grunn av problema mellom dei. Dinger døydde av hjarteproblem den 21. mars 2008.[3]

Medverkande endre

Diskografi endre

Studioalbum endre

År Tittel Merknad
1972 Neu!
1973 Neu! 2
  • Selskap: Brain Records
1975 Neu! '75
  • Selskap: Brain Records
2010 Neu! '86
  • Autorisert nyutgjeving av Neu! 4 med ei anna sporliste.

Singlar endre

  • 1972 – «Super» / «Neuschnee» (Brain Records)
  • 1975 – «Isi» / «After Eight» (United Artists Records)
  • 2010 – «Crazy» / «Euphoria» (Grönland Records)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 687. ISBN 978-1-84195-017-4. 
  2. «Klaus Dinger and Neu! and La Düsseldorf and Die Engel des Herrn" Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine. - artikkel frå «Real Groove» No 2, Aug. 1996, med kommentarar av Klaus Dinger. Henta 5. april 2013.
  3. «Michael Rother podcast interview from the Quietus, conducted at All Tomorrow's Parties, May 2008». Arkivert frå originalen 14. juni 2008. Henta 5. april 2013. 

Bakgrunnsstoff endre