Elektrosvak teori
Elektrosvak vekselverknad eller elektrosvak teori er ein fysikalsk teori som sameinar elektromagnetismen med den svake kjernekrafta i ei skildring. Sjølv om desse to kreftane synest svært ulike ved dei låge energiane som finst i kvardagen, så modellerer teorien dei som to ulike aspekt av same kraft. Over den kombinerte energien rundt 100 GeV, går dei saman til ei einaste elektrosvak kraft. I eit tilstrekkeleg varmt miljø (ca 1015 K), sameinast begge desse kreftane til ein kombinert elektrosvak kraft.
Den elektrosvake vekselverknaden vart første gongen skildra matematisk av Sheldon Glashow, Steven Weinberg og Abdus Salam på 1960-talet, ein innsats dei fekk Nobelprisen i fysikk for i 1979.[1][2][3] Teorien for elektrosvak vekselverknad vert g stundom kalla «GWS-teorien» etter desse tre fysikarane. I dag er den elektrosvake vekselverknaden ein viktig del av standardmodellen i partikkelfysikk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elektrosvak vekselvirkning» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- David Griffiths; "Introduction to Elementary Particles", Wiley-VCH, Weinheim, 2. opplag. (2008). ISBN 978-3-527-40601-2
- B.R. Martin, G. Shaw; "Particle physics", John Wiley & Sons, Chichester (England) 2. opplag. (1997). ISBN 0-471-92358-3
- ↑ Sander Bais (2005), The Equations. Icons of knowledge ISBN 0-674-01967-9 s 84
- ↑ «The Nobel Prize in Physics 1979». The Nobel Foundation. Henta 21. februar 2013.
- ↑ «The Nobel Prize in Physics 1979». The Nobel Foundation. Henta 21. februar 2013.