Elfriede Jelinek (fødd 20. oktober 1946) er ein austerriksk forfattar fødd i Mürzzuschlag i Steiermark og seinare busett i München og Wien. I 2004 fekk ho Nobelprisen i litteratur «för hennes musikaliska flöde av röster och motröster i romaner och dramer som med enastående språklig lidelse blottar de sociala klichéernas absurditet och tvingande makt.»

Elfriede Jelinek Nobelprisvinner

Nasjonalitet Austerriksk
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 26. oktober 1946 (78 år)
Mürzzuschlag, Wien
Yrke Forfattar
Språk tysk
Politisk parti Østerrikes kommunistiske parti
Medlem av Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung
Far Friedrich Jelinek
Ektefelle Gottfried Hüngsberg
Signatur
Elfriede Jelinek på Commons

Temaval og stil

endre

Elfriede Jelinek tek i tekstane sine opp mistilhøve i det offentlege, politiske og private livet i det austerrikske samfunnet. Ho nyttar ein sarkastisk, provoserande stil som gjer at motstandarane karakteriserer henne som ein «brønnpissar».[1] Stilen blir òg – til dels av ho sjølv – beskriven som obskøn, blasfemisk, vulgær og hånande.

Språkhandsaminga syner tydelege spor av den musikalske bakgrunnen hennar – ho er utdanna organist – ved at språket inneheld særeigne rytmiske strukturar; jamfør nobelprisgrunngjevinga. Eit anna grunnelement er behandlinga av klangen i det tyske språket og dei fonetiske kvalitetane til orda; ho arbeider flittig med ulike slag assonansar, ikkje berre innan lyrikken og dramatikken, men òg i prosatekstane. Dette gjer at ho reknast som særs vanskeleg å omsetje.[2]

Kontroversar

endre

Det har i årevis rasa ein kontrovers mellom dei som blir provosert av dei krenkande og aggressive tekstane og politiske meiningane ho har gått ut med, og dei som reknar henne som ein språkkunstnar.

Jelinek provoserer ikkje berre i Austerrike: i 2005 forlét Knut Ahnlund Svenska Akademien i protest mot at ho blei tildelt Nobelprisen. Han karakteriserte blant anna forfattarskapen hennar slik: «Det rör sig om ett monomant och enkelspårigt författarskap, en textmassa som synes hopskyfflad utan spår av konstnärlig strukturering.»[3]

Referansar og fotnotar

endre
  1. „Nestbeschmutzer“
  2. «De mäktiga ger inte bort något annat än döde», Dagens Nyheter 11. oktober 2004
  3. «Efter Jelinek är priset ödelagt» på SvD.se

Bakgrunnsstoff

endre