Elgesem er ein grunnkrins som ligg på Haukerød i Sandefjord kommune i Vestfold. Området ligg langs raet som går gjennom Vestfold.

Steinsettinga sett frå sør.
Runesteinen som vart funne i ein av gravhaugane.

Her finst det eit gravfelt som er eit av Sandefjords mest framtredande fornminne. Funn i gravfeltet viser at det har vore busetjingar frå minst år 500 f.Kr. her. Gravfeltet slik det framstår i dag, består av 8 gravhaugar og ei 45 meter lang skipsforma steinsetting.

Gravfeltet vart arkeologisk utgrave av Nicolay Nicolaysen i 1870, og freda same år.

Feltet har sannsynlegvis opphavleg innehalde mellom 20 og 30 gravhaugar. I tillegg er det òg funne ei mengd umerka graver i området. Mange av desse er forsvunne som ei følgje av busetnad, dyrking og vegbygging. Gravene som er undersøkt har avdekt funn frå ca. år 500 f.Kr. til ca. år 1000 e.Kr, altså frå jernalderen.

Blant tinga som vart funne, var ein runestein med inskripsjonen «alu» som kan tyda 'øl'. Dette er det vanlegaste ordet på runesteinar, og det viser sannsynlegvis til rolla øl spelte i ulike ritual i fortida, til dømes gravøl og barsel («barns-øl»).[1] Runesteinen i granitt er 172 cm høg, 90 cm brei og ca. 18 cm tjukk. Han er datert til første halvdel av 400-talet e.Kr. Steinen er no i VikingskipshusetBygdøy.[2]

Steinsettinga er 40 meter lang og 7 meter brei, og består av 21 steinar av opphavleg 38. Steinane i stamnane er 1,85 meter og 2,5 meter høge.

Kjelder endre

  1. Lisbeth Skogstrand. «Runene: det første skriftspråket». Norgeshistorie.no. Henta 24. november 2016. 
  2. Heyerdahl, Gerd Høst (14. februar 2009). «Elgesem-steinen». Store norske leksikon. Henta 24. november 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  • Elgesem-steinen, artikkel hos Store norske leksikon
  • Runene: det første skriftspråket, om runer og runesteinar, artikkel hos Norgeshistorie.no
  • Vilhelm Møller: Gravfeltet og steinkretsen på Elgesem, artikkel hos Sandefjord bibliotek/Sandar historielag