Jarnalderen i Noreg

Jarnalderen (eller jernalderen) er i Noreg rekna som perioden frå om lag 500 f.v.t. og fram til 1030 e.v.t., som vanlegvis vert rekna som byrjinga av mellomalderen i Noreg. Som kulturepoke er dette frå slutten av bronsealderen og fram til historisk tid. Det vil seie tidsrommet frå jarnet fortrengjer bronsen som materiale i reiskapar og våpen, og fram til skriftlege kjelder (og ikkje berre arkeologisk materiale) blir dei vesentlege kjeldene for det vi veit.

Rekonstruerte langhus frå jarnaldergarden på Ullandhaug.

Innleiing endre

Jarnet (myrmalmen) frå myrane gav menneska nye fordelar. Den raskt veksande befolkninga trong større næringsgrunnlag, og med betre reiskap rydda dei ny jord heime. Havgåande skip vart bygde og fleire kunne reise på handels- og krigstokt til andre land.

Periodeinndeling endre

I Noreg deler vi jarnalderen inn i to hovudperiodar:

  • Eldre jarnalder 500 f.v.t. - 550 e.v.t. Denne kan delast inn i:
Førromersk jarnalder (før omtala som Keltisk jernalder) 500 f.v.t. - 0
Romersk jarnalder 0 - 400 e.v.t.
Folkevandringstida 400 - 550 e.v.t.
  • Yngre jarnalder 550 - 1050 e.v.t. Denne kan delast inn i:
Merovingertida 550 - 800
Vikingtida 800 - 1050

Befolkninga i Noreg i jarnalderen endre

Før vikingtida veit vi lite eller ingenting om kor mange menneske som budde i Noreg. Vi veit at mange gardar vart rydda i perioden 300-600 f.v.t. På Sørlandet og Vestlandet vart mange av desse avfolka på 600-talet, anten som følgje av pest, matmangel eller krigerske handlingar. På 700-talet startar ein ny ekspansjonsperiode i dei same områda. På Austlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg auka befolkninga jamnt gjennom heile perioden.

Mellom år 800 og 1000 reknar vi med eit folketal på mellom 100 000 og 300 000. Befolkninga voks sterkt gjennom heile perioden, trass i omfattande utvandring. Denne veksten helt fram inn i mellomalderen. Han vart følgt av omfattande nyrydding og aukande jordbruksproduksjon.

Dei eldste spora etter fast busetjing finn vi frå tida rundt år 0, såkalla kretstun, der husa låg i ein ring omkring eit tun. Tydelege gardsanlegg finn vi først på 300-talet. Busetjing i hellerar ser ut til å ha tatt slutt på 600-talet.

Styringsverk endre

Den politiske samlinga av Noreg tok til på slutten av 800-talet, men allereie før den tid hadde det eksistert smårike og rettsfellesskap i fleire delar av landet. Den territorielle samlinga byrja for alvor med Harald Hårfagre, som styrte over Sør-Vestlandet og indirekte over resten av landet gjennom andre høvdingar.

Olav Tryggvason fekk også herredømme over Trøndelag, og Olav Haraldsson over Opplanda. Det var likevel først etter 1035, da danskekongen Knut den mektige sitt imperium braut saman, at norske kongar kunne hevde eit varig herredømme over norsk territorium.

Jakt, fangst, fiske endre

Introduksjonen av jarnet som materiale i våpen og reiskap fekk mykje å seie for jakt, fangst og fiske. Spyd og piler av jarn var langt meir presise og effektive enn dei gamle våpna.

Frå eldre jarnalder finn vi òg store anlegg av leiegjerde og dyregraver for drivfangst av rein i høgfjellet. Anlegga ligg gjerne i tilknyting til vatn, og vi trur at reinen har vorte drive ut i vatnet og drepen mens han sumde. Slike anlegg er blant anna funnet ved Langevatn og FinnsbergvatnetHardangervidda.

I eldre jarnalder var det samanhengande busetjing langs heile norskekysten. Hovudnæringa for dei fleste kystbuarane var fangst og fiske. Ei lang rekkje med funn av fiskereiskap fortel om denne verksemda. Store fiskekrokar av jarn og tunge djupvass-søkke fortel om fiske etter torsk, lange og kveite.

Allereie i vikingtida fanst det større sesongfiskeri. Skreifisket i Lofoten hadde allereie da stort omfang, likeins ser det ut til at det vart fiska mykje sild. Begge desse fiskeslaga vart viktige handelsvarer.

Jordbruket endre

Eldre jernalder, særleg tida etter Kristus, var ei ekspansjonstid for jordbruket. Over heile Sør-Noreg vart det rydda jord for åker og eng. Viktigast var korndyrking. Bygg og havre var dei vanlegaste sortane. Det vart òg dyrka lin mange plassar, og ulike urter

Dei vanlegaste reiskapane til jorddyrkinga var hakke og trespade, men også ard. Introduksjonen av jarnet fekk stor betydning for jordbruksutviklinga. Frå vikingtida finn vi såleis primitive plogskjer som til ein viss grad vende jorda. Vi trur vikingane lærte plogen å kjenne i England. Til kornskjering bruka dei jarnsigdar som skil seg lite frå dei som vart bruka heilt opp i vårt eige hundreår.

I yngre jernalder førte folkeauken til ny fart i nyryddinga. Samtidig vart jordbruket intensivert. Blant anna vart åkrane gjødsla kraftigare enn før.

Dei vanlegaste husdyra var hest, kyr, sauer, griser og høner. Til husdyrhaldet var dei svært avhengige av beiting og fôrsanking i utmarka. Det er funne både stuttorvar og lauvknivar frå jarnalderen som vitnar om denne driftsforma. Frå yngre jarnalder reknar vi òg med at seterdrifta vart utbreidd i Noreg.

Handverk endre

Det nye metallet, jarnet, vart frå først av importert frå Mellom-Europa. Etter kvart fekk den lokale jarnutvinninga større omfang, og omkring år 0 var Noreg truleg sjølvberga med jarn. Jarnutvinning vart etter kvart ein viktig næringsveg som særleg sysselsette dei som budde opp mot høgfjellet.

Også vidareforedlinga av jarnet til våpen, reiskap, smykke og anna vart viktig. Jarnreiskapane var ei teknologisk nyvinning som auka produktiviteten og introduserte heilt nye arbeidsområde. Båtbygginga er eksempel på dette. Reiskap og naglar av jarn gjorde det mogleg å byggje store, havgåande skip. Dette var ein føresetnad for vikingferdene.

Handel endre

Betre samferdselsmiddel, særleg skip, gjorde at handelen både innan- og utanlands vart sterkt utvida i jarnalderen. Før jarnproduksjonen var tilstrekkeleg utbygd, vart jarnet importert frå keltiske høvdingdømme i Mellom-Europa.

I romartida (ca. 0–400 e.v.t.) oppstod det ein utstrekt handel med dei romerske provinsane. I Noreg finn vi spor etter dette i gravfunn frå denne perioden: Romerske gullmyntar, sverd, glasbeger, kjelar, auser og statuettar av bronse.

I folkevandringstida (400–570) gjekk Vest-Romarriket i oppløysing og handelsvegane vart lagde om. Vestlandet, som tidlegare hadde vore ein mellomstasjon for handelen nordfrå, mista no denne posisjonen, og i merovingartida (570–800) handla trønderar og nordlendingar lenge direkte med Danmark og Frankarriket.

I yngre jarnalder ser vi teikn til ein aukande handel på Nordkalotten og austover. I vikingtida (800–1030) gjekk det ein handelsveg til Finnmark og vidare austover, inn i Kvitsjøen til Bjarmland. Ei anna rute gjekk austover til Birka i Mälardalen, mens handelen sørover til Europa ofte gjekk via Hedeby på Sønderjylland. Frå Austersjøen segla handelsmenn opp dei store elvane til Svartehavet. Dessutan gjekk det handelsvegar over havet til vesterhavsøyane og dei britiske øyane.

Nordmennene sine handelsvarer var for det meste fangstprodukt, men truleg òg produkt av kleberstein og jarn. Som betaling mottok dei myntar og edle metall, men også fine klede, glas, smykke og andre kostbare varer.

Samisk jarnalder (0–1500 e.v.t.) endre

Ifølgje arkeologar kan jarnet ha komme seinare i bruk i dei samiske områda enn i resten av Noreg. Befolkninga her hadde flest kontaktar med austlege samfunn i Nord-Sverige og Finland og fekk viktige impulsar frå den russiske bronsealderkulturen, Ananino-kulturen, mellom Volga og Ural. Bronse vart verande det viktigaste metallet fram til omkring 200 f.v.t. Først omkring år 0 startar det vi kan kalle samisk jarnalder.

Det er ikkje funne spor etter lokal jarnutvinning. Det er derfor mogleg at jarnreiskapar har vore innførte ferdige frå andre område og var sjeldne og kostbare. Det eldste funnet av jarnreiskap i Finnmark kjem frå graver på Kvalnes og BarsnesVeineshalvøya inst i Varangerfjorden.

Både hustypar, busetjingsmønster og gravskikk i førromersk jarnalder i Aust-Finnmark og på Kola viser ein avansert kulturform og peikar framover mot den samiske kulturen vi kjenner frå historisk tid.

Sjølv om fiske og fangst framleis var hovudnæringa, finst det urnordiske lånord for ull, åker, korn, ljå og skav i samiske dialektar. Dette tyder på at jordbruk og husdyrhald i alle fall har vore kjende i delar av Sameland allereie i folkevandringstida. Funn av tekstilreiskap, mellom anna på Kjelmøya i Varanger, tyder på det same.

Skriftlege kjelder endre

Den første skriftlege forteljinga om samane vart gjord av romaren Tacitus i år 98. I si bok «Germania» nemner han eit folk han kallar Fenni.

Ei av dei mest vidgjetne forteljingane er Ottar si forteljing til kong Alfred av England i år 890. Han brukar nemninga Finnas om samane og skildrar dei som pelsjegerar, fuglefangarar og fiskarar langs kysten av Finnmark og Kolahalvøya. Han fortel òg at samane vart skattlagde, truleg i Hålogaland. Dei rikaste samane betalte så mykje som 15 mårskinn, fem reinhuder, 10 sekker dun, ein bjørnefell, ein kjortel av oterskinn og to 40 m lange skipsreip.

Kjelder endre

  • Bokmålswikipediaen [1]
Referansar
  • Bergljot Solberg, Jernalderen i Norge. 500 før Kristus til 1030 etter Kristus, Oslo 2000: Cappelen Akademisk. ISBN 82-02-19871-2

Bakgrunnsstoff endre