Elin Østebø Johansen
Elin Østebø Johansen (fødd 25. april 1955) er ein norsk diplomat. Ho er den norske ambassadøren til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og EFTA og har vore norsk ambassadør i Uganda.[1]
Elin Østebø Johansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. april 1955 (69 år) |
Yrke | diplomat |
Utdanning og karriere
endreJohansen avla i 1985 hovudfag i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.[2] Same år byrja ho å arbeidde for Utviklingsprogrammet til SN (UNDP) på Filippinane.[1] I 1987 blei ho tilsett i Handelsdepartementet, men byrja i januar 1988 i Utanriksdepartementet, der ho har virka sidan.[1] Frå 1991 til 1994 var Johansen stasjonert i Bern. Ho arbeidde deretter i Oslo med handelsspørsmål og i den administrative avdelinga til Utanriksdepartementet før ho i 1998 fyrst blei ambassaderåd, så i 1999 ministerråd, ved den faste delegasjonen til Noreg i Genève. Johnsen fortsette å arbeide med spørsmål knytta til Verdshandelsorganisasjonen og OECD frå 2002 til 2003, då ho som avdelingsdirektør var knytt til avdelinga for handelspolitikk, naturressursar og miljø. I 2006 blei Johansen ekspedisjonssjef for Serviceavdelinga i Utanriksdepartementet. Johansen blei i 2008 utnemnd til den faste representanten for Noreg ved Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) og Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i Genève og fekk rang av ambassadør.[3]
I perioden 2013–2014 var Johansen seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet i Oslo.[4] I 2014 tiltredde ho som ambassadør til OECD i Paris, og hadde dette embetet til 2018.[4] I 2019 blei ho utnemnd til norsk ambassadør i Uganda.[4][5]
Utmerkingar
endreI 2009 blei Johansen utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 CV Ambassador to WTO/EFTA Arkivert 1. juni 2010 på Wayback Machine., Permanent Mission of Norway in Geneva.
- ↑ BIBSYS.
- ↑ «Kvinner i vinden». Kapital (12): 115–116. 22. juni 2017.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Lundbo, Sten (9. juni 2020). «Elin Østebø Johansen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 20. januar 2022.
- ↑ «Offisielt fra statsråd 22. mars 2019». Regjeringen (på norsk bokmål). 22. mars 2019. Henta 24. mars 2024.
- ↑ «Elin Østebø Johansen». Kongehuset (på norsk bokmål). 18. august 2009. Henta 24. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Elin Østebø Johansen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2024.