Elisabeth Rehn

finsk politikar

Märta Elisabeth Rehn (fødd Carlberg fødd 6. april 1935) er ein finsk politikar som var forsvarsminister og riksdagsmedlem for Svenska folkpartiet.

Elisabeth Rehn

Fødd6. april 1935 (89 år)
Helsingfors
Statsborgar avFinland
PartiSvenska folkpartiet
Yrkepolitikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedSvenska handelshögskolan
EktefelleOve H. Rehn
BarnVeronica Rehn-Kivi
Alle verv
  • Medlem av Europaparlamentet (1995–1996)
  • medlem av Finlands riksdag (1979–1995)
  • Finlands forsvarsminister (1990–1995)
  • Medlem av Europaparlamentet (1995–1996) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Rehn var fødd i Helsingfors og voks opp i Mäntsälä som dotter til legen Andreas Carlberg. Ho vart send på svenskspråkleg internatskole i Grankulla.[1]

Ho tok utdanning i økonomi ved Hanken Svenska handelshögskolan og fullførte ein grad i økonomi i 1957.[1]

I 1955 gifta ho seg med Ove Harald Rehn, som døydde i 2004. Dei fekk fira barn, mellom dei Veronica Rehn-Kivi, fødd 1956, som vart riksdagsmedlem etter mor si frå 2016.

Politiske karriere endre

Rehn engasjerte seg i lokalpolitikken i Grankulla, der ho i 1973 vart vald til kommunestyret for Svenska folkpartiet.[1]

Rehn var medlem av Den finske riksdagen frå 1979 til 1995. Ho var leier i justiskomiteen og medlem av presidentskapet frå 1983 til 1987. Frå 1987 til 1990 var ho parlamentarisk leiar for partiet sitt.[1] Rehn appellerte til finsktalende veljarar i tillegg til dei svenskspråklege.

Frå 1990 til 1995 var ho den første kvinnelege forsvarsministeren i Finland og i heile Europa, frå 1991 til 1995 òg likestillingsminister. I hennar periode fekk kvinner høve til friviljug verneplikt i Finland. Med Rehn som forsvarsminister skaffa Finland seg Hornet-jagarfly frå USA, noko som representerte eit vendepunkt for finsk forsvarspolitikk etter slutten av den kalde krigen.[1] Som likestillingsminister arbeidde ho for lik representasjon mellom kjønna i offentlege utval, slik at det underrepresenterte kjønnet skulle ha minimum 40 % av plassane.

I 1994 stilte Rehn som presidentkandidat mot Martti Ahtisaari. Etter å ha leia i opinionmålingane tapte ho valet med 46,1 % mot Ahtisaaris 53,9 %. Ho prøvde òg i år 2000, men då fekk ho 7,9%.

Ho var medlem av Europaparlamentet frå 1995 til 1996.

Frå 1995 til 1998 var ho SNs menneskerettsrapportør i Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Jugoslavia. Frå 1998 til 1999 var ho assisterande generalsekretær for Kofi Annan og spesialrepresentant for Bosnia-Hercegovina.

Etter den politiske karrieren sin har Rehn vore aktiv som foredragshaldar og som ekspert for det finske utanriksdepartementet.[1] I 2012 var ho vert for sitt eige fjernsynsprogram der internasjonale politikarar var blant gjestene.

I 1995 gav Staffan Bruun ut boka Elisabeth Rehn på Otava forlag.

Utmerkingar endre

Rehn er æresdoktor ved Svenska handelshögskolan og Åbo Akademi.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Rehn, Elisabeth (1935 - )». National Biography of Finland. Henta 28. desember 2018. 

Kjelder endre