Eliteserien i handball 1984/85–Karar
1. divisjon i handball 1984/85 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 6. september 1984 til 17. februar 1985. Halvparten av laga var heimehøyrande i Stor-Oslo (Oslo og tilgrensande kommunar).
Idrettsforeningen Urædd vart seriemeister for aller fyrste gong. Bent Svele utmerkte seg på meisterlaget frå Porsgrunn. Av dei andre som bidrog til triumfen kan nemnast Henning Yven, Kjetil Larsen, Jørgen Young, Mats Uldal, Roger Kjendalen og målvakta Harald Madsen.
Poengtabell
endrePlass | Lag | Kampar | Målskår | Poeng |
1 | Urædd | 22 | 557-488 | 32 |
2 | Kolbotn IL | 22 | 526-479 | 29 |
3 | Fredensborg/Ski | 22 | 552-504 | 28 |
4 | Kristiansand IF | 22 | 516-476 | 28 |
5 | Stavanger IF | 22 | 571-522 | 27 |
6 | Oppsal IF | 22 | 504-490 | 22 |
7 | Skien BK | 22 | 550-559 | 20 |
8 | Fjellhammer IL | 22 | 434-449 | 20 |
9 | SK Rapp | 22 | 456-462 | 18 |
10 | Nordstrand IF | 22 | 459-492 | 18 |
11 | Kragerø IF | 22 | 483-542 | 18 |
12 | Bækkelaget SK | 22 | 457-602 | 4 |
Kjelder
endre- Sportsboken 85-86. Sportsboken As. Stavanger 1985.