Ellen Chr. Christiansen

norsk politikar

Ellen Christine Christiansen (fødd 10. desember 1964 i Oslo) er ein norsk politikar for Frp og seinare Høgre. Ho sat på Stortinget frå Oslo i perioden 1993–1997, opphavleg vald inn for Frp, men uavhengig representant frå 3. mai 1994.

Ellen Chr. Christiansen
Fødd10. desember 1964 (59 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (1984; 1994), Høgre (2003)
Yrkepolitikar, direktør
EktefelleJan Arild Snoen
MedlemFridemokratane
Alle verv

Etter brotet med Frp i 1994 stifta ho og ein del andre utbrytarar ein ny organisasjon kalla FRIdemokratene. Ho var den første leiaren til organisasjonen 1994-95, men har dei siste åra vore medlem av Høgre. Christiansen har sete i byrådet i Oslo for både Frp og Høgre.

Christiansen er cand. mag. med engelsk, statsvitskap og økonomisk college. Ho har vore informasjonssjef i TV3 Noreg, har vore organisasjonssekretær i Europabevegelsen, kommunalråd og gruppesekretær i Oslo kommune.

Frå 2006 til 2012 var ho fylkesdirektør i NAV Akershus. Ho var direktør for fylkestrygekontoret i Akershus i den dåverande Trygdeetaten 2004–2006. Sidan 2012 har ho vore direktør for NAV Forvalting.

Stortingskomitéar endre

  • 1993–1997 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen
  • 1993–1997 varamedlem i Valgkomitéen

Kjelder endre