Ellen Inga O. Hætta
Ellen Inga Brita Olavsdatter Hætta (1953–2023)[1][2][3] var ein norsk samisk rektor, reindriftssjef og Høgre-politikar frå Kautokeino.
Ellen Inga O. Hætta | |||
| |||
Fødd | 17. juni 1953 Kautokeino kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. februar 2023 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, embetsperson, skuleleiar | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreHætta var utdanna ålmennlærar og arbeidde mange år i skuleverket i Kautokeino. Ho var ordførar i Kautokeino frå 1988 til 1991 og sat fleire periodar i kommunestyret, som representant for Høgre.[4]
Hætta var direktør i Samisk utdanningsråd frå 1994 til 1999, avdelingsdirektør i Sametingets administrasjon frå 1999 til 2001, sjef for Statens reindriftsforvaltning frå 2001 til 2010 og rektor ved Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino frå 2011.[4]
Hætta var statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet med ansvar for samiske spørsmål frå 2004 til 2005, då Erna Solberg var kommunalminister i Bondevik-regjeringa.[4]
I 2014 oppnemnde kulturminister Thorhild Widvey Hætta som medlem av styret i NRK. Ho var den første samiske personen i dette styret.
Kjelder
endre- ↑ «Ellen Inga O. Hætta er død». NRK/Troms og Finnmark. 22. februar 2023.
- ↑ Tom Skoglund (22. februar 2023). «Ellen Inga O. Hætta er død: – Et stort tap for hele det samiske samfunnet». Altaposten (på norsk). Henta 22. februar 2023. «Ektefelle, tre barn og ni barnebarn har mistet en av sine nærmeste. Det samiske samfunnet har mistet en bauta.»
- ↑ «Ellen Inga O. Hætta er død». Høyre. 22. februar 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Ellen Inga Hætta statssekretær i KRD». Kommunal- og regionaldepartementet. 15. oktober 2004.
- Denne artikkelen bygger på «Ellen Inga O. Hætta» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2023.