Thorhild Widvey
Thorhild Widvey (fødd 9. januar 1956) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var kulturminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og statsråd for Olje- og energidepartementet i Bondevik II-regjeringa frå 18. juni 2004 til 17. oktober 2005.
Thorhild Widvey | |
![]() Thorhild Widvey Foto: Stiftelsen Tinius | |
Fødd | 9. januar 1956 (67 år) Avaldsnes |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, forretningsdrivande, idrettsleder |
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI Idrætshøjskolen Aarhus |
Verv | Norsk kulturminister 16. oktober 2013–16. desember 2015 |
Føregangar | Hadia Tajik |
Etterfylgjar | Linda Hofstad Helleland |
Verv | Norsk olje- og energiminister 18. juni 2004–17. oktober 2005 |
Føregangar | Einar Steensnæs |
Etterfylgjar | Odd Roger Enoksen |
Verv | Statssekretær i Utanriksdepartementet 31. januar 2003–18. juni 2004 |
Verv | Statssekretær i Fiskeridepartementet 18. juni 2002–31. januar 2003 |
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 1989–30. september 1997 |
Alle verv |
|
Widvery er busett i Oslo. Ho budde lenge i Karmøy kommune i Rogaland fylke.
Utdanning, yrke og verv Endra
Etter vidaregåande skule studerte Thorhild Widvey eitt år ved Idrætshøjskolen i Århus. Ho har tidlegare vore stortingsrepresentant for Rogaland fylke (1987–97) og var vararepresentant stortingsperioden før dette. I tillegg har ho vore statssekretær i både Fiskeridepartementet (juni 2002–januar 2003) og Utanriksdepartementet (januar 2003). Ho har òg sete i Karmøy kommunestyre og har delteke i politikken på fylkeskommunalt plan.