Elsa Skjerven

norsk politikar

Elsa R. Skjerven (11. desember 191929. oktober 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Ho var statsråd og sjef for Familie- og forbrukardepartementet (familie- og forbrukarminister) i Per Borten si regjering frå 1965 til 1971, i til saman 5 år, 5 månader og 5 dagar. Som vararepresentant til Stortinget møtte ho til saman 76 dagar.

Elsa Skjerven

Elsa Skjerven i 1968
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Fødd11. desember 1919
Oslo
Død29. oktober 2005 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969)
  • Norsk barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister (1965–1971)
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Biografi

endre

Elsa Skjerven var fødd i Oslo. Ho tok eksamen i elementær musikkteori ved Musikkonservatoriet i 1941, og utdanna seg som lærar ved Elverum lærerskole i 1943. Ho var gymnastikklærar ved Levanger lærerskole, Innherred sykepleierskole og Strinda realskole og gymnas. Ho budde i Trondheim i 40 år, og var medlem av bystyret i 23 år. Mot slutten av denne tida var ho kommunalråd i kultur- og undervisningssektoren i åtte år. I 1982 flytta ho til Bærum, der ho levde til ho døydde.

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre