Elsantindane
62°14′53″N 6°34′11″E / 62.24806°N 6.56972°E
Elsanntindane | |||
fjell | |||
Elsantindane. Delar av bygda Trandal ved fjorden.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Ørsta (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Sunnmørsalpane | ||
Høgd | 1 398 moh. | ||
Førstestiging | H. Rowse Armstrong og Johannes Vigdal (1899) | ||
Elsantindane 62°14′53″N 6°34′11″E / 62.24805556°N 6.56972222°E |
Elsantindane eller Elsandtindane[1] er ei ca 2,5 km lang taggete egg der toppunktet er 1398 moh i Ørsta på Sunnmøre. Fjellet ligg aust for Hjørundfjorden, sør for bygda Trandal og nord for bygda Urke. Andre namn på fjellet er Memorgonshornet og Greidekammen. Også det siste namnet viser til den sylskarpe, taggete egga som går frå toppunktet og vestover mot fjorden. Briten H. Rowse Armstrong og sogningen Johannes Vigdal tok turen til topps den 17. juli 1899.
Kjelder
endre- ↑ «Elsantindane, Ørsta (Møre og Romsdal)». Yr/Kartverket. Henta 14. mai 2017.
- Sunnmørsalpane 1999, Statens kartverk
- Standal, Helge J, Jon Hagen og Gunnar Wangen: Fotturar på Sunnmøre, side 167-168, Iriss Forlag, 1999, ISBN 82-992081-2-2