Else Berit Eikeland

Else Berit Eikeland (fødd 22. oktober 1957) er ein norsk diplomat og ambassadør. Ho har vore norsk ambassadør til Canada, Estland og Irland.

Else Berit Eikeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. oktober 1957 (67 år)
Yrke diplomat

Utdanning og karriere

endre

Eikeland er utdanna frå Universitetet i Bergen og har Master of Management frå Handelshøyskolen BI. I 1984 var ho leiar i Norsk Studentunion. Ho tok utenriksdepartementets aspirantkurs i 1987. Den fyrste stasjoneringa hennar i utlandet var på Filippinane, og i 1991 blei ho postert ved det norske generalkonsulatet i San Francisco i USA. Eikeland arbeidde i ein periode frå 1994 i LO, der ho var nestleiar i internasjonal avdeling, før ho i 1997 vende tilbake til Utanriksdepartementet som byråsjef, året etter som underdirektør med ansvar for aspirantopptak.[1] Frå 2000 var ho avdelingsdirektør i avdeling for sivilt samfunn i NORAD. Ho var ambassaderåd ved den norske ambassaden i London i perioden 2004–2006, seniorrådgjevar i UD 2006–2009, ambassadør ved den norske ambassaden i Ottawa i Canada i perioden 2009–2012,[2] spesialrådgjevarr i UD 2012–2013 og siden 2013 polarrådgjevar i UD,[3] og permanent observatør til Arktisk råd.[4] Ho blei så utnemnd til norsk ambassadør til Irland i perioden 2016-2020, og deretter ambassadør ved den norske ambassaden i Tallinn i Estland i 2020.

Utmerkingar

endre

I 2010 utnemnde Kong Harald Eikeland til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsfortjeneste».[5]

Kjelder

endre
  1. Mari K. By Rise, UD jakter på supermennesker i Dagbladet den 21. mars 1999.
  2. Offisielt fra statsråd 3. april 2009, regjeringen.no.
  3. Sten Lundbo, Else Berit Eikeland i Store norske leksikon.
  4. Stian Mathisen, Norge ønsker tettere samarbeid med EU om Arktis Arkivert 29. oktober 2013 på Wayback Machine. fra regjeringens websider den 21. august 2013.
  5. Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.