Else Poulsson
norsk kunstnar
Else Poulsson (24. mars 1909–10. februar 2002) var ein norsk teiknar, designar og tekstilkunstnar. Ho er særleg kjend for biletteppet bak ordførarpodiet i bystyresalen i Oslo rådhus. Hovudmotivet er Sankt Hallvard.[1] Teppet er vove av Else Halling (1899–1987). Ho står òg bak tapetet i salen til Tryggingsrådet i SN i SN-bygningen i New York, med anker, kveite og hjarte som skal symbolisera tru, håp og kjærleik.[2]
Kjelder
endre- ↑ Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Else Poulsson». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Norway’s permanent place in the Security Council», Norgesportalen (på engelsk), henta 2. august 2020
- Denne artikkelen bygger på «Else Poulsson» frå Wikipedia på bokmål, den 2. august 2020.