Opna hovudmenyen

Den heilage Hallvard er ein norsk helgen med minnedag ved hallvardsmesse, 15. mai. Hallvard Vebjørnsson (ca. 10201043) var fødd i Lier som einaste son av Vebjørn og Torny på Husaby i Lier. Torny, mor hans, var søsterdotter til Åsta Gudbrandsdotter, som var mor til kong Olav Haraldsson.

Den heilage Hallvard
Oslo komm.svg
Fødd1020
FødestadLier
Daud1043
Helgendag15. mai

I følgje legenda vart Hallvard drepen da han prøvde å redde ei kone som med urette vart forfølgd, klaga for tjuveri. Hallvard vart drepen med tre pilar og søkkt i Drammensfjorden med ein mylnestein om halsen. Etter ei tid flaut liket opp. Da var huda hans like frisk, og vidjekvisten som batt steinen til halsen hadde fått friske skot. Dette vart tolka som jærteikn og som ei stadfesting på at han hadde gjort ein stordåd: Han hadde forsøkt å redde ei ukjend kone, eller han hadde ofra livet sitt for ei tjuvkjerring.

Statue av Sankt Halvard i Nidarosdomen

I 1053 gav kong Harald Sigurdsson ordre om at liket skulle gravast opp og flyttast til Mariakyrkja i Oslo. Helgenskrinet vart flytta til Sankt Hallvardskyrkja da ho var ferdig i 1130.

Hallvard vart vernehelgen for Oslo, som enno ber dei tre pilane og kvernsteinen som skjoldmerke. Som helgen har han vore dyrka i Noreg, på Island og vest i Sverige. I Oslo markerer ein festdagen kvart år 15. mai med ulike arrangement. St. Hallvardsdagen er òg datoen for utdeling av St. Hallvard-medaljen.[treng kjelde]

KjelderEndra