SN-bygningen (òg kjend som SNs sekretariatbygning) i New York City står som eit landemerke i Turtle Bay på austsida av Manhattan, med utsikt mot East River. Hovudkvarteret har adressa United Nations Plaza 760 og ligg langs First Avenue mellom 42nd Street og 48th Street. Bygningen stod ferdig i 1952 etter teikningar av den amerikanske arkitekten Wallace K. Harrison som prosjektleiar i samarbeid med ei rekkje internasjonalt anerkjende arkitektar som rådgjevarar, blant dei Oscar Niemeyer frå Brasil og Le Corbusier frå Frankrike, som hadde størst innverknad på utforming av anlegget. Framfor den 39 etasjar høge bygningen står nesten 200 flaggstenger, der flagget til medlemslanda står i alfabetisk rekkjefølgje. 5 000 menneske arbeider der.

SN-bygningen

ArkitektOscar Niemeyer, Le Corbusier, Harrison & Abramovitz, Julio Vilamajó, Howard Robertson, Skidmore, Owings & Merrill, Liang Sicheng, Ernest Cormier, Sven Markelius, Best Overend, Wallace Harrison, Gaston Brunfaut
StilInternasjonal stil
Kart
SN-bygningen
40°44′58″N 73°58′05″W / 40.749444444444°N 73.968055555556°W / 40.749444444444; -73.968055555556

SN sitt hovudkvarter inkluderer tre større bygningar:

  • Sekretariatet (39 etasjar høgt)
  • Hovudforsamlingsbygget (der alle medlemsnasjonane møter til hovudforsamlingane)
  • Bibliotekbygningen, oppkalla etter den andre generalsekretæren til SN, Dag Hammarskjöld

Området vert definert som internasjonalt og nøytralt territorium.

Frå 1946 til 1950 heldt den nystarta generalforsamlinga i SN til i bygningen som i dag rommar Queens Museum.[1]

Norske bidrag til bygget endre

Då bygget var under planlegging og SN var leidd av nordmannen Trygve Lie vart dei skandinaviske landa bedne om å donera og utsmykka kvart sitt rom. Noreg fekk tildelt salen der Tryggleiksrådet har møte. Rommet vart utforma av arkitekten Arnstein Arneberg, kunstnaren Per Krogh laga veggmåleriet som heng rett bak det hesteskoforma møtebordet, medan Else Poulson designa tapetet.

Det er òg brukt marmor frå Fauske i bygget, ikkje minst synleg frå møte i generalforsamlinga der dei grøne marmorflisene dannar bakgrunn for talarstolen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Queens Museum». queensmuseum.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. september 2018. Henta 13. september 2018.