Santiago er ei av dei store sideelvene til Marañón. Ho startar med ein bit i Morona-Santiago-provinsen i Ecuador og renn heilt aust i Amazonas-regionen i Peru parallelt med grensa til Loreto-regionen. Santiago oppstår der Zamora og Namangoza flyt saman i Morona-Santiago og endar i Marañón mellom Teniente Pinglo og Pongo de Manserriche. Saman med Morona, drenerer Santiago store delar av Morona-Santiago-provinsen. Zamora drenerer dessutan delar av austlege Zamora-Chinchipe-provinsen. Landskapet ved Santiago ligg mellom 200 og 500 moh.

Santiago er grovt rekna 220–230 kilometer lang, av det ca 50 km i Ecuador. Men går ein til dei fjernaste kjeldene i Azuayprovinsen er ho vesentleg lengre.

Kjelder