Elvira Nabiullina

Elvira Sakhipzadovna Nabiullina (fødd 29. oktober 1963 i Ufa) er ein russisk økonom av tartarsk opphav. Ho blei sentralbanksjef i Russland i juni 2013.[1]

Elvira Nabiullina
russisk skrift Эльвира Сахипзадовна Набиуллина, basjkirsk Эльвира Сәхипзада ҡыҙы Нәбиуллина

Fødd29. oktober 1963
Ufa
NasjonalitetRussland
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, bankier, statsmann
InstitusjonarRussian Union of Industrialists and Entrepreneurs
Ministry of Economy of the Russian Federation
Svyaznoy Bank
Ministry of Economic Development and Trade of Russian Federation
Ministry of Economic Development and Trade of Russian Federation
Russlands minister for økonomisk utvikling
Gazprom
RAO UES
Alma materØkonomisk fakultet ved Statsuniversitetet i Moskva
Yale University
Statsuniversitetet i Moskva
EktefelleYaroslav Kuzminov

Nabiullina var minister for økonomisk utvikling og handel i Regjeringa Putin II i 2007. Frå mai 2012 til juni 2013 verka ho som økonomisk rådgjevar for Vladimir Putin.[2] Då ho blei utnemnd til sjef for den russiske sentralbanken i 2013 var ho den første kvinna i noko G8-land til å leia ein sentralbank.[3]

Nabiullina spela ei sentral rolle i å redda den russiske økonomien ved årsskiftet 2014-2015.[4] Forbes har rangert henne som verdas 56. mektigaste kvinne [3].

Referansar

endre
  1. Russlands sentralbank - Elvira Nabiullina (Ms), besøkt 13. desember 2014.
  2. Nabiullina (Ms), Bank of Russia Today.
  3. 3,0 3,1 ''Elvira Nabiullina, Forbes.
  4. Steiner, Eduard, «Das ist die Frau, die für Putin den Rubel rettet», Die Welt, 16/10-2015.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne økonomiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.