Elvis er eit opphavleg engelskspråkleg mannsnamn Det er særleg blitt kjend gjennom songaren Elvis Presley.

Namnet Elvis i lysande bokstavar ved Rock and Roll Hall of Fame.

Opphav endre

Namnet er ei anglisering av namnet til den irske helgenen Ailbe av Emly.[1] Tydinga av dette namnet er usikker, det kan ha blitt forstått i mellomalderen som ei avleiing av irsk ail, 'stein'.[2]

Ei vanleg forklaring av opphavet til namnet er at det skal koma frå det gammalengelske Eall-wīs, som tyder 'allvis', men dette namnet er ikkje kjend frå angelsaksiske kjelder.[3] Overgangen frå lyden w til v i moderne engelsk er også lite sannsynleg. Det er mogleg at forklaringa er inspirert av det norrøne mytologiske namnet Alvíss.[4] Andre alternative ordsoger som er blitt føreslått inkluderer at det er eit etternamn avleidd frå Eloise, er ei avleiing av eit etternamn som Elwes, eller at det er knytt til namnet Alwyn.[5]

Bruk endre

Namnet Elvis var i bruk før det blei gjort kjend av Elvis Presley (1935–1977), til dømes av den amerikanske embetsmannen Elvis Jacob Stahr, Jr. (1916–1998), som var fødd same året som far til Presley, Vernon Elvis Presley.[6] Namnet blei likevel mykje meir populært då karrieren til Elvis Presley tok av.[7]

Namnet har rundt 131 brukarar i Noreg.[8] Det har 1324 brukarar i Sverige.

Kjende namneberarar endre

Annan bruk endre

  • Elvis! Elvis! er ei barnebok frå 1973 av Maria Gripe
  • «Elvis» er ein song av den norske humortrioen Prima Vera

Kjelder endre

  1. Iseabail Macleod and Terry Freedman, The Wordsworth Dictionary of First Names: A Concise and Useful Guide to the Origins and Meanings of Over 2000 Names (Ware: Wordsworth, 1995), p. 68; Leslie Dunkling and William Gosling, Everyman's Dictionary of First Names, 3rd edn (London: Dent, 1991), pp. 82-83.
  2. S. Baring-Gould and John Fisher. The Lives of the British Saints: The Saints of Wales and Cornwall and Such Irish Saints as Have Dedications in Britain, 4 vols (London: Clark for the Honourable Society of Cymmrodorion, 1907-13), I pp. 129-30, accessed from https://archive.org/details/livesofbritishsa01bariuoft 24 November 2010.
  3. Prosopography of Anglo-Saxon England. 2000. Henta 24. november 2010.
  4. Cf. «Re: Etymology of "Elvis"». Arkivert frå originalen 4. november 2016. Henta 24 November 2010. 
  5. http://www.behindthename.com/name/elvis
  6. «Elvis Presley roots in Scotland». Arkivert frå originalen 31. juli 2012. Henta 27 May 2009. 
  7. http://www.behindthename.com/name/elvis/top