Emba (kasakhisk Zjem) er ei elv vest i Kasakhstan med ei lengd på 712 km. Ho har utspringet sitt i Mugodzjarfjella og renn sørvestover og ut i Kaspihavet. Ho renn nord for Ust-Urt-platået og når Kaspihavet gjennom ei rekkje grunne lagunar, som var farbare på 1700-talet. Dei nedre delane av elva renn gjennom saltdomar og dei petroleumsrike Embafelta. Somme reknar elva som grensa mellom Asia og Europa, eit forslag som først vart lagt fram av Philip Johan von Strahlenberg.

Emba
elv
Land  Kasakhstan
Nedslagsfelt 40 400 km²
Lengd 712 km
Kjelde Mugodzjarfjella
Munning Kaspihavet
Kart
Emba
46°37′42″N 53°19′02″E / 46.628333333333°N 53.317222222222°E / 46.628333333333; 53.317222222222
Wikimedia Commons: Emba River

Kjelder endre