Philip Johan von Strahlenberg

Philip Johan von Strahlenberg (1676-1747) var ein svensk general av tysk opphav som føretok viktige bidrag innan kartografi i Russland. Han var den første som lanserte ideen om Uralgrensa, som gjorde Uralfjella og ulike elvar til den austlege grensa for Europa. Han fekk seinare dette framlegget godkjend av den russiske tsar.[1]

Philip Johan von Strahlenberg

Fødenamn Philip Johan Tabbert
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. januar 1676
Stralsund
Død

1747
Halmstad

Yrke oppdagar, kartograf, militær, geograf, offiser
Språk tysk, latin
Philip Johan von Strahlenberg på Commons
Kart over Russland frå 1725, teikna av Philip Johan von Strahlenberg og Johan Anton von Matern

Strahlenberg føretok også banebrytande arbeid innan samanliknande forsking omkring altaiske språk. Han var den første til å fremja hypotesen om ein altaisk språkfamilie.

Von Strahlenberg var fødd i Stralsund i Sverige, i dag i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland, som Philip Johan Tabbert. Han gjekk inn i den svenske hæren i 1694 og blei utnemnd til kaptein i 1703. I 1707 blei han adla og tok namnet von Strahlenberg. Han kjempa i Den store nordiske krigen og blei teken til fange av dei sigrande russiske styrkane ved slaget ved Poltava i 1709. Som krigsfange blei han send til Tobolsk, der han budde frå 1711 til 1721. I denne perioden studerte han geografien til Sibir og språka og skikkane til dei lokale folka. Etter å ha kome tilbake til Stockholm i 1730 gav han ut boka Das Nord- und Ostliche Theil von Europa und Asia om studiane sine. Som del av bokarbeidet laga Strahlenberg og Johan Anton von Matérn nye kart over heile Russland. Han føreslo også ei ny grense mellom verdsdela Europa og Asia i territoria til Russland. Denne grensa følgde toppane til Uralfjella, gjekk vestover langs ei mindre fjellkjede, og følgde vestbreidda av Volga til 49. breiddegrad og deretter Don til Svartehavet.[2]

Asteroiden (15766) Strahlenberg er kalla opp etter han.

Kjelder endre

  1. Egbert Jahn (2015). International Politics: Political Issues Under Debate -, Volume 1. Springer. s. 21. 
  2. Philipp Johann von Strahlenberg (1730). Das Nord-und Ostliche Theil von Europa und Asia (på tysk). s. 106. 

Bakgrunnsstoff endre