Emblingia calceoliflora
Emblingia calceoliflora er den einaste arten i den monotypiske planteslekta Emblingia, som er den einaste slekta i familien Emblingiaceae i krossblomordenen (Brassicales). Planten kjem frå Vest-Australia, der han er endemisk. Planten er ikkje rekna som truga.[1]
Emblingia calceoliflora | |
Emblingia calceoliflora | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Emblingiaceae |
Slekt: | Emblingia |
Art: | E. calceoliflora |
Vitskapleg namn | |
Emblingia calceoliflora |
Planten er ein fleirårig, krypande halvbusk med grove hår.[2] Enkle blad sit på stilkar. Blomane sit kvar for seg ved bladfeste og kan vera kvite, kremfarga, gule, grøne eller rosa. Planten blomstrar frå august til november.[3][4][5][1] Blomane er zygomorfe (har berre eitt symmetriplan) og heng opp ned. Dei har samanvaksne begerblad og to kronblad. Frøet har ei kjøtfull frøkappe.[2]
Taksonomi
endreSlekta og arten blei først skildra botanisk av Ferdinand von Mueller i 1861 I Fragmenta Phytographiae Australiae. Skildringa bygde på plantar sannka i Murchison i Vest-Australia av Pemberton Walcott og Augustus Frederick Oldfield.[6][7]
Plasseringa av slekta i ein familie har vore rekna som problematisk; ho har til ulike tider vore plassert i Capparaceae, Sapindaceae, Goodeniaceae og, i Cronquist-systemet, i Polygalaceae.[8] I 1965 laga Herbert Kenneth Airy Shaw familien Emblingiaceae for slekta, og denne familien er brukt for slekta i APG II, Dahlgren, Reveal, Stevens, Takhtajan og Thorne-systemet.[9] Molekylær analyse har bekrefta plasseringa av slekta i krossblomordenen (Brassicales).[8][10]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Emblingia calceoliflora», FloraBase (Western Australian Government Department of Parks and Wildlife.), arkivert frå originalen 10. september 2012, henta 25. januar 2017
- ↑ 2,0 2,1 Paul E. Berry (7. mai 2015), «Brassicales», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, inc.), henta 24. januar 2017
- ↑ Watson, L.; M. J. Dallwitz (1992 onwards). «Emblingiaceae». The families of flowering plants: descriptions, illustrations, identification, and information retrieval. Western Australian Government Department of Parks and Wildlife. Arkivert frå originalen 11. mars 2007. Henta 12. mai 2007.
- ↑ «Emblingiaceae», FloraBase (Western Australian Government Department of Parks and Wildlife.)
- ↑ «Emblingia», FloraBase
- ↑ «Emblingia», Australian Plant Name Index (APNI), IBIS database (Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government.)
- ↑ «Emblingia calceoliflora», Australian Plant Name Index (APNI), IBIS database (Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government.)
- ↑ 8,0 8,1 Chandler, Gregory T.; Randall J. Bayer (2000). «Phylogenetic placement of the enigmatic Western Australian genus Emblingia based on rbcL sequences». Plant Species Biology 15: 57–72. doi:10.1046/j.1442-1984.2000.00024.x.
- ↑ «USDA - APHIS - Concordance of Family Names: E». Arkivert frå originalen 11. februar 2007. Henta 12. mai 2007.
- ↑ Hall, Jocelyn C.; Hugh H. Iltis; Kenneth J. Sytsma (2004). «Molecular phylogenetics of core Brassicales, placement of orphan genera Emblingia, Forchhammeria, Tirania, and character evolution». Systematic Botany 29 (3): 654–669. doi:10.1600/0363644041744491.
- Denne artikkelen bygger på «Emblingia calceoliflora» frå Wikipedia på tysk, og «Emblingia» frå Wikipedia på engelsk den 25. januar 2017.