Embreebreen
Embreebreen er ein 35 km lang isbre nord i sentrale delar av Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som flyt ned austsida av Mount Hale, Mount Davis og Mount Bentley, nordaustsida av Mount Anderson og nordvestsida Probuda Ridge. Vidare flyt han nord-nordaustover og nord for Mount Schmid snur austover og flyt saman med Rutfordstraumen aust for Mount Tegge. Han vart namngjeven av US-ACAN etter major Henry Embree i USAF, som deltok i opprettinga av Amundsen-Scott-stasjonen i 1956.
Embreebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 77°59′00″S 85°10′00″W / 77.98333°S 85.16667°W | ||
Lengd | 35 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Embreebreen 77°59′00″S 85°10′00″W / 77.983333333333°S 85.166666666667°W | |||