Emil Boyson
norsk forfattar og omsetjar
Emil Boyson (fødd 4. september 1897 i Bergen, død 2. juni 1979) var ein norsk forfattar.
Emil Boyson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. september 1897 Bergen |
Død |
2. juni 1979 (81 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, omsetjar |
Han debuterte i 1927 med prosaboka Sommertørst som han sjølv kalla ei historie, men det var i fyrstehand lyrikar han skulle gjera seg kjend som. Han skreiv lyrikk i ein modernistiske stil, med eit språk som bryt med kvardagsspråket, men ofte i ei tradisjonell form og strofemønster. Han gjendikta han også både nyare og eldre lyrikk til norsk.
Prisar og utmerkingar
endre- 1946 - Gyldendals legat
- 1956 - Doblougprisen
- 1957 - Kritikarprisen
- 1959 - Riksmålsforbundets litteraturpris
Bøker
endre- 1927 Sommertørst : En historie (Aschehoug, Oslo)
- 1934 Varsler og møter, diktsamling (Gyldendal, Oslo)
- 1935 Tegn og tydning, diktsamling (Gyldendal, Oslo)
- 1936 Yngre herre på besøk : En fabel (Gyldendal, Oslo)
- 1937 Vandring mot havet : En prosa-diktning. (Gyldendal, Oslo)
- 1939 Gjemt i mørket, diktsamling (Gyldendal, Oslo)
- 1946 Sjelen og udyret, diktsamling (Gyldendal, Oslo)
- 1957 Gjenkjennelse, diktsamling (Gyldendal, Oslo)
- 1981 Før sporene slettes : dagbok, illustrert av Kåre Tveter (Dreyer Forlag, Oslo)
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Emil Boyson hjå Nasjonalbiblioteket