Opna hovudmenyen

Emiliano Zapata

meksikansk politikar

Emiliano Zapata Salazar (8. august 187910. april 1919) var ein meksikansk geriljaleiar og motstandsmann. Han vart ein av hovudpersonane under den meksikanske revolusjonen som braut ut i 1910, mot diktaturet til Porfirio Díaz. Zapata var mestis og leia kampen til indianerbøndene mot dei mektige jordeigarane under slagordet Reforma, Libertad, Justicia y Ley (plan de Ayla). Han gjennomførte omfattande jordreformer i dei områda han kontrollerte, men vart til slutt drepen av fiendane sine i 1919.

Emiliano Zapata
Emiliano Zapata5.jpg
Fødd8. august 1879
FødestadAnenecuilco
Død10. april 1919
DødsstadMorelos

Zapata vert rekna for å vere ein av dei fremste nasjonale heltane i Mexico. Byar, gater og bustadområde kalla «Emiliano Zapata» er vanlege rundt om i landet og Zapata har til tider vore avbilda på meksikanske pengesetlar. Dei opphavlege zapatistane starta i delstaten Morelos.

Brørne Emiliano og Eufemio Zapata iført karakteristisk charro-drakt med store bartar, patronbelte og sombreroar omkring 1910.

Innhaldsliste

Zapatistar i nyare tidEndra

Zapatistane (EZLN), ei revolusjonær rørsle med utgangspunkt i delstaten Chiapas, har i nyare tid teke namnet sitt etter Zapata.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Emiliano Zapata