Emanuel
mannsnamn
(Omdirigert frå Emmanuel)
- For den israelske busetjinga, sjå busetjinga Immanuel
Emanuel, Emmanuel og Immanuel er mannsnamn av hebraisk opphav.
Emanuel har svensk namnedag den 26. mars. I Noreg var det 188 menn som heittte Emanuel og 179 menn som heitte Emmanuel i 2010.
Emanuel er ei gresk-latinsk form av det hebraiske Immanuel (עִמָּנוּאֵל) tyder 'Gud er med oss'. Det blei brukt av profeten Jesaja om frelsaren som skulle koma, og er i kristen tradisjon tolka som Jesus. Emmanuel og Immanuel er brukt som namn på synagogar og på kyrkjer og kapell innan den kristne vekkingsrørsla.
Kortformer av namnet er engelsk Emmett, skandinavisk Manne og spansk, portugisisk og gresk Manuel. Emmanuelle og Manuela er kvinnelege former av namnet.
Namneberarar
endre- Emanuel de Witte (1617–1692), nederlandsk målar
- Emanuel Swedenborg (1688–1772), svensk vitskapsmann og filosof
- Immanuel Kant (1724–1804), tysk professor og filosof
- Viktor Emmanuel I av Sardinia (1759–1824)
- Carl Philipp Emanuel Bach (1788), tysk komponist
- Emanuel Geibel (1815–1884), tysk diktar
- Viktor Emmanuel II av Sardinia, seinare av Italia (1820–1878)
- Emanuel Lasker (1868–1941), tysk sjakkspelar
- Viktor Emmanuel III av Italia (1868–1947)
- Emanuel Vigeland (1875–1948), norsk kunstnar
- Emmanuel Eboué (f. 1983), ivoriansk fotballspelar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Emanuel» frå Wikipedia på svensk, den 20. mai 2010.
- «Emanuel – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Emanuel hjå Statistisk Sentralbyrå