Emory Gordy jr.

Emory Lee Gordy, Jr. (fødd 25. desember 1944) er ein amerikansk musikar og plateprodusent.

Emory Gordy Jr
Emory Gordy Jr.jpg
Fødd25. desember 1944 (76 år)
FødestadAtlanta
FødenamnEmory Lee Gordy
OpphavAtlanta i USA
Aktiv1964 til i dag
Instrumentgitar, mandolin
Verka somProdusent

Han starta karrieren som studiomusikar i Atlanta i 1964, då han spelte med Tommy Roe på ein lokal konsert. I lag med Dennis Yost var han med på å skrive Classics IV-hitten «Traces».[1]

Han flytta til Los Angeles tidleg i 1970 og heldt fram å arbeide som studiomusikar der. Han var lydteknikar og produsent for Debbie Reynolds og Liberace før han i 1971 fekk høve til å turnere med Neil Diamond på bass. Han spelte fleire instrument på innspelinga for Diamond-albumet Hot August Night.[2] I 1972 arbeidde han med Elvis Presley, og spelte bass på «Separate Ways» og «Burning Love». Han turnerte med Elvis i 1973, seinare spelte han med Gram Parsons og Emmylou Harris på Parsona-albumet Grievous Angel, som kom ut året etter Parsons døydde i 1973.[2] I midten av 1970-åra spelte han i bandet til Emmylou Harris. Seinare i 70-åra spelte han bass for artistar som Bellamy Brothers, Billy Joel og Tom Petty. Gordy spelte seinare i supergruppa til Rodney Crowell og Rosanne Cash, the Cherry Bombs, i lag med gitaristen Richard Bennett og klaverspelaren Tony Brown og gitaristen Vince Gill.[2] I 1979 spelte Gordy i turnébandet til John Denver.

Frå 1983 arbeidde Gordy mest som produsent for MCA Records i Nashville. Han var produsent på Steve Earle sitt Exit 0 og Guitar Town i lag med Tony Brown. Sidan var han produsent for den framtidige kona si, Patty Loveless. Han heldt òg fram å arbeide med John Denver fram til han døydde.

KjelderEndra

  1. EP Unlimited, February 2001, Patty's Friends: Emory Gordy, Jr.
  2. 2,0 2,1 2,2 Guitar Player, March 1988, pp. 68-74.