Grievous Angel
Studioalbum av Gram Parsons
Utgjeve Januar 1974
Innspelt Sommaren 1973
Studio Wally Heider Studio 4 og Capitol Studios i Hollywood
Sjanger Countryrock
Lengd 36:14
Selskap Reprise
Produsent Gram Parsons
Gram Parsons-kronologi 
GP
(1973)
Grievous Angel Sleepless Nights
(1976)


Singlar frå Grievous Angel
  1. «Love Hurts»
    Utgjeve: Februar 1974

Grievous Angel er det andre og siste soloalbumet til Gram Parsons, sett saman av innspelingar gjort sommaren 1973 og gjeve ut fire månader etter han døydde av ein overdose av morfin og alkohol i september 1973. Ein ung Emmylou Harris var sterkt delaktig i albumet og det fekk god kritikk då det kom ut, men som alle dei andre albuma til Parsons selde det dårleg. Grievous Angel nådde 195. plassen på Billboard-lista.[6] Trass i smålåtent sal, vert det rekna som eit suksessrikt døme på blandinga av country og rock and roll som Parsons kalla «kosmisk amerikansk musikk».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[3]
Rolling Stone(positiv)[4]
Tom HullA–[5]

Det vart stemd fram til 324. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-albumet All Time Top 1000 Albums (2000).[7] I 2012 vart albumet rangert på 425. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8] Albumet var ikkje med på den oppdaterte lista til Rolling Stone frå 2020.

Bakgrunn endre

Etter ein katastrofal turné våren og sommaren 1973, gjekk Gram Parsons igjen saman med duettpartnaren Emmylou Harris, forskjellige medlemmar av Elvis Presley sitt «Hot Band», inkludert James Burton og Glen Hardin og enkelte andre gjester (som Bernie Leadon og Linda Ronstadt) for å spele inn det andre soloalbumet sitt for Reprise Records. I motsetnad til det førre albumet, GP, var Grievous Angel betre planlagd og fleire av arrangementa vart utarbeidd medan dei var på turneen.

Innspeling og komposisjon endre

Innspelinga for Grievous Angel fann stad i Wally Heider Studio 4 i Hollywood med Parsons som produsent. I 2013 skreiv Uncut om Parsons og gitaristen Herb Pederson fortalte til David Cavanagh at då songaren møtte opp var han uflidd: «Han kom inn seint. Emmy henta han til studio. Ho passa på eit vis på han. Me hadde alt spelt inn lydsporet til fire eller fem songar, og han var ikkje i stand til å spele med oss. Han var generelt heilt ute det meste av tida.» Parsons, som sleit med heroin- og alkoholmisbruk, skjerpa seg og bassisten Emory Gordy fortalte til David N. Meyers i 2007 for Parsons-biografien Twenty Thousand Roads, «Gram spelte os kvar song han hadde klar. Me tok det frå der. Det var lite formelle arrangement og me spelte det me tenkte var rett for kvar song, og det verka som alt fall på plass- Han var i god form, Gram. Det var mykje energi i studio for heile albumet. Gram hoppa rundt over alt og Emmy hoppa rundt med han. Det var nokre flotte, lukkelege innspelingar.» I dokumentarfilmen Fallen Angel i 2004 sa derimot manageren Phil Kaufman at Parsons framleis drakk som han hadde gjort under innspelinga av GP, «men ikkje like gale. Han skjulte det han heldt på med. Med andre ord, før var han meir open med drikkinga og dopmisbruket.»

Parsons mangla nytt materiale og skreiv raskt to songar under innspelinga («Return of the Grievous Angel», med tekst av diktaren Thomas Brown, og «In My Hour Of Darkness», arrangert av Harris) og såg til songar som ikkje kom med på dei førre albuma, og til countrystandarar for å fylle ut resten av albumet. «Brass Buttons» gjekk attende til den korte stunda Parsons var visesongar på Harvard i midten av 1960-åra. «Hickory Wind» var alt spelt inn med The Byrds. «$1000 Wedding», om den avlyste planen til Parsons om å gifte seg med mora til dottera hans på prangande vis, var blitt spelt inn med The Flying Burrito Brothers kring 1970. «Ooh Las Vegas» var blitt avvist frå GP. «Medley Live from Northern Quebec» er eit falskt konsertopptak med applaus lagt til som kombinerer Louvin Brothers sin «Cash on the Barrelhead» med hans eigen «Hickory Wind». David Meyers roste i Twenty Thousand Roads rolla til Harris på albumet, og skreiv at duetten «Love Hurts» hadde «ein herleg høg sutring, ei sørgjande, nådig rekkjevidd for lidinga i songen. Ingen av dei overdriv - dei kjenner smerta, dei syner ho til oss, dei lar oss kjenne kvar einaste bit, men går aldri for langt. Korleis dei held tonen på den siste 'love hurts' syner kor langt dei kom i lag i kjensler og teknikk.»

Trass i mangelen på nye songar, tok albumet det føregangaren hadde presenterte og fokuserte vidare på «kosmisk amerikansk musikk». Etter å ha miksa albumet i Capitol Tower i Hollywood, drog Parsons til Joshua Tree, der han tok ein dødeleg overdose den 19. september 1973. Offisielt vart han erklært død i nærliggande Yucca Valley.

 
Harris på scenen i Rotterdam i Nederland (2006)

Posthume endringar endre

Enkja etter Parsons, Gretchen, som aldri hadde likt forholdet mellom Emmylou Harris og ektemannen, fekk Harris fjerna frå framsida av albumet (som opphavleg vart tilskriven «Gram Parsons with Emmylou Harris» med eit bilete av begge to) og ho vart berre nemnt på baksida av omslaget. I tillegg fjerna Gretchen det originale tittelsporet, «Sleepless Nights». Det omarrangerte albumet kom ut i januar 1974. Tre av songane spelte inn under albuminnspelinga var ikkje komen med, «Sleepless Nights», «The Angels Rejoiced in Heaven Last Night» og «Brand New Heartache», og vart gjeven ut på det posthume Parsons/Flying Burrito Brothers-albumet Sleepless Nights i 1976.

Mottaking endre

Grievous Angel kom ut i januar 1974 og nådde berre 195. plassen på Billboard 200. Etter han døydde var det mykje interesse rundt albumet og det vart rekna som ein kunstnarisk triumf. Allan Jones i Melody Maker skreiv, «Verken GP og Grievous Angel treng noko analyse. Det er ikkje ord som kan skildre kjensla av desperasjon og den stemningsskapande kvaliteten i desse siste verka. Dei berre må lyttast til.» Tom Russell i Helix var samd og skreiv «Påverknanden hans ved å bringe countrymusikken til rock and roll er like viktig som då Bob Dylan kombinerte visetekstar med rock.» Mark Deming i AllMusic skriv at plata «er kanskje ikkje det beste arbeidet i karrieren hans, men ein må tenkje hardt for å kome på ein artist som har laga eit like sterkt album berre nokre få veker før dei døydde - eller på noko tidspunkt i livet sitt for den saks skuld.» Då Uncut sette saman «20 Greatest Tracks» av Parsons for utgåva deira i februar 2013 var «Hickory Wind,» «Brass Buttons» og «$1000 Wedding», alle frå Grievous Angel, teken med.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Return of the Grievous Angel»Gram Parsons, Tom Brown4:19
2.«Hearts on Fire»Walter Egan, Tom Guidera3:50
3.«I Can't Dance»Tom T. Hall2:20
4.«Brass Buttons»Parsons3:27
5.«$1000 Wedding»Parsons5:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Medley Live from Northern Quebec:
(a) Cash on the Barrelhead
(b) Hickory Wind»
Charlie Louvin, Ira Louvin
Parsons, Bob Buchanan
6:27
7.«Love Hurts»Boudleaux Bryant3:40
8.«Ooh Las Vegas»Parsons, Ric Grech3:29
9.«In My Hour of Darkness»Parsons, Emmylou Harris3:42

Medverkande endre

Gjester endre

  • Bernie Leadon - akustisk gitar på «Return of the Grievous Angel», elektrisk sologitar på «Hearts on Fire», dobro på «In My Hour of Darkness»
  • Byron Berline - fele på «Return of the Grievous Angel», «Medley Live from Northern Quebec» & «In My Hour of Darkness», mandolin på «Medley»
  • N.D. Smart - trommer på «Hearts on Fire» og «In My Hour of Darkness»
  • Steve Snyder - vibrafon på «Hearts on Fire»
  • Linda Ronstadt - harmonivokal på «In My Hour of Darkness»
  • Kim Fowley, Phil Kaufman, Ed Tickner, Jane & Jon Doe - «Background blah-blah» på «Medley Live from Northern Quebec»

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. Grievous AngelAllmusic. Henta 29 Nov 2005.
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. oktober 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  4. Scoppa, Bud (1. mars 1973). «Gram Parsons: GP/Grievous Angel > Review». Rolling Stone (129). Arkivert frå originalen 21. april 2016. Henta 10. oktober 2020. 
  5. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Second Card». Overdose. Henta 10. oktober 2020 – via tomhull.com. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. Grievous AngelAllmusic. Henta 10. oktober 2020.
  7. Colin Larkin, red. (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 131. ISBN 0-7535-0493-6. 
  8. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 10. oktober 2020.