Steve Earle
amerikansk songar
Stephen Fain Earle (fødd 17. januar 1955) er ein USA-amerikansk musikar, forfattar og skodespelar. Earle byrja karrieren sin som låtskrivar i Nashville og gav ut den første EP-en sim i 1982.
Steve Earle | |||
Steve Earle spelar mandolin på City Winery Chicago i februar 2015 | |||
Fødd | 17. januar 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ft. Monroe i Virginia i USA | ||
Fødenamn | Stephen Fain Earle | ||
Opphav | San Antonio i Texas i USA | ||
Aktiv | Sidan 1968[1] | ||
Sjanger | Country, countryrock, outlaw country, heartland rock, viser[2] | ||
Instrument | vokal, gitar, mandolin, munnspel, banjo, bouzouki, bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Townes Van Zandt, Guy Clark, Del McCoury Band, Lucinda Williams, Shawn Colvin, Ray Wylie Hubbard, Mary Cutrufello, James McMurtry, Joan Baez, Justin Townes Earle, Emily Earle, The Pogues | ||
Plateselskap | Uni. MCA Nashville, New West, E² Records, Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, singer-songwriter, forfattar, skodespelar | ||
Born | Justin Townes Earle | ||
Prisar | Grammy Award, "Spirit of Americana" Free Speech Award, MOJO Awards |
Gjennombrotet hans kom i 1986 med albumet Guitar Town. Sidan då har Earle gjeve ut 15 studioalbum og fått tre Grammyprisar. Songane hans er blitt spelte inn av Johnny Cash, Waylon Jennings, Travis Tritt, Vince Gill, Patty Loveless, Shawn Colvin, Ian Stuart Donaldson og Emmylou Harris.[3] Han har vore med i fleire filmar og har skrive ein roman, eit skodespel og ei rekkje noveller.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steve Earle» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ St John, Lauren. Hardcore Troubadour: The Life and Near Death of Steve Earle, Fourth Estate, 2002
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Steve Earle – Biography – AllMusic». AllMusic.
- ↑ Corn, David, «Death-House Troubadour: Steve Earle Rocks 'N' Rants against Capital Punishment», The Nation, Vol. 265, No. 6