Endre Granat (fødd 3. august 1937) er ein USA-amerikansk fiolinist. Han vert rekna som den mest innspelte fiolinisten og konsertmeisteren som framleis er aktiv i dag.[1]

Endre Granat
Fødd3. august 1937 (86 år)
FødestadMiskolc
OpphavUSA, Ungarn
SjangerKlassisk musikk, filmmusikk
InstrumentFiolin
Verka somMusikar

Granat var assisterande konsertmeister i Cleveland Orchestra, konsertmeister i Götebørg symfoniorkester og Pacific Symphony. Han har motteke Ysaye-medaljen.

I mange år var han den leiande konsertmeisteren for filmindustrien i Hollywood og var leiar for Miklos Rozsa, Elmer Bernstein, Jerry Goldsmith, John Williams, James Newton Howard, Henry Mancini, Hans Zimmer og ei rekkje andre. Granat var konsertmeister for ei rekkje Oscarutdelingar, Emmyutdelingar og Grammyutdelingar. Han har spelt musikk for over 2 800 filmar og fjernsynsshow.

Granat har turnert og spelt inn musikk med ei rekkje artistar, som Earth, Wind, and Fire, Michael Jackson, Lionel Richie, Barbra Streisand, Yanni, Natalie Cole, Dionne Warwick og Ricky Martin.

Han var konsertmeister for mange filmar, som Ghostbusters (1984), Homeward Bound II: Lost in San Francisco (1996), Starship Troopers (1996), Anna and the King (1999), Legally Blonde (2001), The Bourne Identity (2002), Star Trek: Nemesis (2002), Dreamcatcher (2003), Looney Tunes: Back in Action (2003), The Last Samurai (2003), Peter Pan (2003), The Terminal (2004), Transformers (2007), Pirates of the Caribbean: At World's End (2007), The Simpsons Movie (2007), og Frozen (2013).

Kjelder

endre
  1. «Sheet music by Endre Granat», stretta-music.com 

Bakgrunnsstoff

endre