Lionel Richie
Lionel Brockman Richie jr. (fødd 20. juni 1949) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist, plateprodusent, skodespelar og fjernsynsdommar. Han spelte i funk- og soulbandet Commodores og hadde ein solokarriere som gjorde han til ein av dei mest populære balladesongarane i 1980-åra.
Lionel Richie | |||
Richie får Kennedy Center Honors i 2017 | |||
Fødd | 20. juni 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tuskegee i Alabama i USA | ||
Fødenamn | Lionel Brockman Richie Jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1968 | ||
Sjanger | pop, soul, funk, rhythm and blues, poprock, new wave | ||
Instrument |
| ||
Stemmetype | tenor | ||
Plateselskap | Motown, Island Records | ||
Verka som | songar, songar-låtskrivar, pianist, musikkprodusent, filmskodespelar, saksofonist | ||
Gift med | Brenda Harvey-Richie, Diane Alexander | ||
Born | Nicole Richie, Sofia Richie, Miles Richie | ||
Prisar | Årets filantrop, Johnny Mercer Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Grammy Award for Album of the Year, Rock and Roll Hall of Fame |
Frå og med 1968 var Richie medlem av Commodores. The Commodores vart ei populær soulgruppe og gav ut fleire album med ein dansbar, funky stil, og songar som «Machine Gun» og «Brick House». Etter kvart byrja Richie å skrive og synge meir romantiske, easylistening-balladar som «Easy», «Three Times a Lady», «Still» og «Sail On». Richie lanserte solokarrieren sin i 1982 og debutalbumet hans som soloartist, Lionel Richie, inneheld tre hitsinglar: «Truly», som gjekk til topps i USA, og topp 5-hittane «You Are» og «My Love». Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista og selde over fire millionar eksemplar. Oppfølgjaren hans i 1983, Can't Slow Down, selde over det dobbelte og gjorde han til ei av dei store internasjonale superstjernene. Han var òg medlåtskrivar på den veldedige singelen «We Are the World» med Michael Jackson, som selde over 20 million eksemplar.[1]
I løpet av karrieren har Richie seld over 90 millionar plater verda over, noko som gjer han til ein av dei bestseljande artistane gjennom tidene.[2] Han vann Grammyprisen for årets album med Can't Slow Down, og har mellom anna òg vunne Grammyprisen for årets produsent i 1985 og årets mannlege popsong for «Truly» i 1983. Richie har òg blitt nominert til to Golden Globe-prisar og vann den eine. I 1982 var han nominert for beste originale song for filmen Endless Love. I 1986 vann han Golden Globe for beste original song for «Say You, Say Me», som var i filmen White Nights. Songen vann òg Oscarprisen for beste originale song. I 2016 fekk den høgaste æresprisen til Songwriters Hall of Fame, Johnny Mercer-prisen.[3] Han har vore dommar i songkonkurransen American Idol.[4]
Diskografi
endre- Studioalbum
- Lionel Richie (1982)
- Can't Slow Down (1983)
- Dancing on the Ceiling (1986)
- Louder Than Words (1996)
- Time (1998)
- Renaissance (2000)
- Just for You (2004)
- Coming Home (2006)
- Just Go (2009)
- Tuskegee (2012)
Filmar
endre- 1977: Scott Joplin (med The Commodores)
- 1978: Thank God It's Friday (med The Commodores)
- 1991: Truth or Dare (dokumentar)
- 1996: The Preacher's Wife
- 1998: Pariah
- 2007: The Simpsons (episode: «He Loves to Fly and He D'ohs»)
- 2011: Who Do You Think You Are?
- 2011: Lionel Richie: Dancing On the Ceiling (del av dokumentarserien Black Music Legends of the 1980s på BBC Four)
- 2014: Oprah Winfrey's Master Class
- 2018 American Idol
- 2019 American Idol
- 2020 Jeopardy! The Greatest of All Time
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lionel Richie» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Leopold, Todd (20. januar 2021). «'We Are the World' at 30: Where are they now?». CNN. Henta 13. juli 2021.
- ↑ Kallen, Jackie (13. juli 2021). «Lionel Richie reaches beyond «American Idol» at DTE show». The Oakland Press. Arkivert frå originalen 3. august 2020. Henta 13. juli 2021.
- ↑ Rothman, Michael (10. juni 2016). «Lionel Richie, Chic's Nile Rodgers and More Enter Songwriters Hall of Fame». ABC News. Henta 13. juli 2021.
- ↑ Goldberg, Lesley. «'American Idol' Judges Close Deals to Return for Season 3 on ABC». The Hollywood Reporter. Henta 5. august 2019.