Endre Witzøe

norsk politikar

Endre Magnus Witzøe (20. april 18751. april 1934) var ein norsk skipsmeklar og politikar frå Kristiansund som representerte Møre-byane og HøgreStortinget i tida 1925-33.

Endre Witzøe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1875
Kristiansund kommune
Død

1. april 1934 (58 år)
Kvernes

Yrke politikar, skipsagent, assurandør
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Witzøe var fødd i Kristiansund, der far hans dreiv gard på Nordlandet til han i 1875 tok over eit gardsbruk i heimbygda Hemne. Noko seinare flytta familien tilbake til Kristiansund og Witzøe fekk seg arbeid som kontorist i 1892, etter å ha gått middelskulen. I tida 1896-98 arbeidde han ved eit sjøforsikringsselskap i Berlin, deretter eitt år i G. Gravems assuranse-, agentur- og skipsmeklarforretning i Kristiansund. Witzøe etablerte seg så som vareagent og skipsmeklar i byen i 1899, og dreiv verksemda si til han døydde. Han var elles børskommissær frå 1919, og styreformann i [[Kristiansund og Nordmøre] Forretningsbank]] AS frå 1926.

Witzøe var medlem av Kristiansund bystyre åra 1923-28. Frå 1925 til 1933 møtte han på Stortinget som representant frå kjøpstadene Ålesund, Molde og Kristiansund, vald på eit Høgre-program. På Stortinget var han medlem av Jarnbanekomitéen 1925-27, formann i Lønningskomitéen 1928-30 og medlem av Administrasjonskomitéen 1931-33.

Kjelder endre