Opna hovudmenyen

Kvernes er ei bygd og ein tidlegare kommune i noverande Averøy kommune. Bygda ligg langs fylkesvegen som går langs fjorden på sør- og austsida av Averøy, og er særleg kjend for stavkyrkja, Kvernes stavkyrkje.

Kvernes
stad
Kvernes stavkyrkje.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Averøy
Postnummer 6530 AVERØY
Stavkyrkja på Kvernes.
Foto: Frode Inge Helland

Innhaldsliste

Prestegjeld på NordmøreEndra

Kvernes har i fleire hundre år vore prestegjeld for blant anna sokna Kvernes, Kornstad og Bremsnes på Averøya. Tidlegare var også delar av det som i dag er Eide kommune og Kristiansund kommune med i Kvernes prestegjeld.

Tidlegare kommuneEndra

Kvernes er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke oppretta som Kvernes formannskapsdistrikt i 1837. Folketeljinga for 1835 viste 3.811 innbyggjarar.[1]

  • 1. januar 1878 blei ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er uklart kor vidt dette gjaldt Kvernes sogn og/eller Kvernes kommune.
  • 1. januar 1891 blei garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune.
  • 1. september 1893 blei grensene i Kvernes, Frei og Øre kommunar justert og Gjemnes oppretta som eigen kommune. 477 innbyggjarar frå Kvernes blei overført til den nye kommunen.
  • 1. januar 1964 blei Kvernes kommune og det meste av Kornstad og Bremsnes kommunar slått saman til Averøy kommune. Kvernes hadde ved samanslåinga 693 innbyggjarar.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Kvernes kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[2] 1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964[2]
857 768 762 760 812 803 724 693

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Registreringssentral for historiske data: Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960, vitja 26. februar 2010
  2. 2,0 2,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Kvernes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå